Slik oppbevarer du blåskjel

Sommaren er høgsesong for hausting av blåskjel. Her får du tips om korleis du bør oppbevare ferske blåskjel, og korleis du kan sjekke om dei er for gamle.

Asjett med tilberedte blåskjell

Foto: iStockphoto

Skjel er alltid best på smak når dei er ferske.

Skal vere levande

Blåskjel skal vere levande heilt fram til damping eller anna behandling. Levande skjel blir ikkje alltid merkte med ein "best før"-dato. Skjel vi kjøper i butikk, skal ha informasjon om pakkedato.

Må ikkje frysast

Haldbarheita for levande skjel er avhengig av korleis de blir oppbevarte. Levande skjel bør lagrast ved temperaturar mellom 0 og 10 ºC. Lengst haldbarheit oppnår vi ved å lagre dei ved lågaste temperatur. Lagring i kjøleskap gir kortare haldbarheit enn lagring på is.

Skjela må ikkje frysast, så det skal berre vere is under skjela, ikkje over. Dersom dei blir oppbevarte riktig, viser erfaringar at skjel kan oppbevarast i inntil ti dagar.

Sjekk at skjela lever

Kontroller alltid om skjela er levande, før du lagar dei til, same kor lenge dei har vore oppbevarte. Gi skjela ein rask dusj med kaldt vatn frå springen. Skjel som ikkje lukkar seg, er døde. Er det mange døde skjel i ein pakke, kan dei vere for gamle. Døde skjel kan overføre dårleg smak og lukt til skjela rundt. Skjel som ikkje opnar seg når dei blir dampa, skal heller ikkje etast.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Et åpent blåskjell