Fann manglar ved 6 av 10 produsentar av spiseferdig sjømat

I ein kontroll av 85 produsentar som lagar sjømat som ikkje skal varmebehandlast før forbrukaren et den – slik som til dømes røykt fisk, fisk til sushi og kokt skaldyr - fann Mattilsynet manglar hos 6 av 10 verksemder.

 Foto: Colourbox.com

Listeria i sjømat

  • Listeria monocytogenes kan forårsake den alvorlege sjukdommen Listeriose. Personar med nedsett immunforsvar, i hovudsak gravide, fostre, nyfødde, eldre og personar med underliggande sjukdommar, er spesielt utsett.
  • Personar med nedsett immunforsvar bør ikkje ete rakfisk. Grava og røykt fisk bør etas godt innanfor haldbarheitstida. Dette fordi slike langtidshaldbare, spiseferdig matvarer er risikoprodukt når det gjeld Listeria.
  • Ei undersøking i 2014 viste Listeria monocytogenes i 8,3 % av prøvane av spiseferdige fiskeprodukt. Bakteriemengda var i dei aller fleste tilfelle i så låge mengder at dei ikkje representerte ein helserisiko.
  • Sidan ein kan påvise Listeria relativt ofte i fiskeprodukt, er det i tillegg til å ha gode førebyggande tiltak, viktig å ha god kontroll med lagringstemperatur i alle ledd for å hindre bakterievekst. I tillegg skal verksemdene fastsette haldbarheitstida for produkta slik at dei er trygge å ete gjennom heile haldbarheitstida.

– Sjølv om ikkje alle manglande var like alvorlige, er det urovekkande at enkelte hadde grunnleggande hygieniske manglar, seier  seniorrådgjevar Åsne Sangolt, som leia tilsynskampanjen.

Det er spesielt strenge krav til hygienen ved produksjon av spiseferdig varer sidan bakterien Listeria er ein risiko i slike produkt. Verksemdene må difor ha gode rutinar for å hindre at bakterien er til stades og kan vekse i produkta, og dei må overvake og kontrollere at Listeria ikkje er i lokale og utstyr.

- For å stadfeste at tiltaka fungerer skal dei òg ta regelmessige prøver av de ferdige varene, fortel Sangolt.

I tillegg til Listeria-rutinar, kontrollerte Mattilsynet at fisk som skal etast rå var fryst for å drepa eventuell kveis, at dei hadde kontrollrutinar for å sikre at fisken ikkje inneheldt levande kveis. Mattilsynet kontrollerte òg at produsentane hadde eit internkontrollsystem som viser at dei har kontroll med farar i produkta.

Av dei 85 som vart kontrollert var alt i orden hos 28 verksemder, 6 hadde mindre manglar der det var påpeikt plikt, medan hos 51 vart det funne manglar som enda med varsel eller vedtak.

- Ingen verksemder vart stengd eller gitt omsetjingsforbod grunna mogleg helsefare, fortel Åsne Sangolt.

Ikkje god nok kontroll på farar

Dei manglane som gjekk mest igjen var knytt til listeriaprøvetaking og internkontroll.

- Ein tredel av dei vi fann manglar hos har for dårlege prøverutinar, og 36 verksemder oppfylte ikkje krava til internkontroll, opplyser Sangolt.

Nokre produsentar hadde dårlege vedlikehaldsrutinar, fare for kryssforureining, dårleg reinhald. Det vart avdekka få manglar når det gjaldt parasittkontroll. Alle Mattilsynet fann manglar hos er følgd opp.

Positiv utvikling, men framleis må nokre betre seg

Sjølv om Mattilsynet avdekka manglar, ser vi ei positiv utvikling. I eit tilsvarande tilsynsprosjekt i 2013 fekk 8 av 10 varsel eller vedtak.

- Også denne gongen var dei fleste manglane knytt til prøvetaking. Difor er det litt skuffande at resultata no ikkje var betre. Vi kjem til å fylgje dette opp i tilsynet framover, avsluttar seniorrådgjevar Åsne Sangolt i Mattilsynet.

Les meir om Listeria

Mattilsynet - Rapport: Spiseferdig sjømat 2016