God status på importert sjømat

Sjømat importert til Norge i 2016 hadde god kvalitet og var trygg. Det var få tilfelle med uønskte stoff over grenseverdiane.

Eksotiske fiskeslag, kreps, hummer og skjell

 Foto: Colourbox.com

Alle animalske produkt som vert importert frå land utanfor EU/EØS skal kontrollerast ved Mattilsynet sine veterinære grensekontrollstasjon.

Mattilsynet sendte 131 prøver av importert sjømat til undersøking hos NIFES i 2016. Prøvene vart undersøkt for framandstoff, mikroorganismar og parasittar.

- Resultata viser igjen at kvaliteten og tryggleiken på importert sjømat er god. Det var nokre få overskridingar, men elles var produkta under grenseverdiane, seier Christine Børnes, seniorrådgjevar i Mattilsynet.

Få funn av uønskte stoff og bakteriar

Bakterien Listeria monocytogenes blei påvist i fem av 75 prøver. Bakterien blei funne i tunfisk frå Maldivene og Mangrove snapper, barramundi, indisk ansjos og kvit sardin frå Sri Lanka.

Bakterien Vibrio cholerae vart funne i ei prøve av reke frå Vietnam, men bakterien var ikkje av typen som gjev smitte og sjukdomsutbrot.

Det var funne døde parasittar i fleire av prøvane, men dei kan ikkje føre til infeksjonar. I to prøvar av fisken Yellowtail frå Australia vart det funne spor av dei ulovlege fargestoffa malakittgrønt og krystallfiolett.

Av alle dei  130 prøvene som vart undersøkte for tungmetall og organiske miljøgifter, var det berre ei prøve av fiskeolje frå Tyrkia over grenseverdien.

Les rapporten Veterinær grensekontroll sjømat 2016

Les meir om undersøkinga hos NIFES