Lite framandstoff i mesopelagisk fisk

På djupt vatn finnast store unytta fiskeressursar. No har forskarane kartlagt kor mykje miljøgifter det er i dei viktigaste av dei.

Fakta om mesopelagiske artar

  • Organismar som lever på djup mellom 200 og 1000 meter.
  • Det finnast meir enn 10 milliardar tonn mesopelagisk fisk i verdshava.
  • Det lever både fisk og store mengder kril, manet og blekksprut på desse djupa.

– I dei djupaste farvatna våre finnast store mengder fisk, blekksprut, manetar og krepsdyr som vi stort sett ikkje haustar. Globalt kan det finnast meir enn ti milliardar tonn av desse artane, og mange av desse kan vere aktuelle som mat for menneske eller som fôr for dyr og oppdrettsfisk. Før vi kan ta desse ressursane i bruk må vi vite kva dei inneheld av framandstoff, seier forskar Martin Wiech.

Fann lite miljøgifter

No har forskarar ved Havforskingsinstituttet på oppdrag frå Mattilsynet undersøkt innhaldet av metall og organiske miljøgifter i tre aktuelle mesopelagiske artar.

I denne omgang er det undersøkt laksesild, nordleg lysprikkfisk og liten laksetobis. Forskarane fann at det var lave nivå av dei fleste miljøgiftene. Unnataket var innhaldet av kadmium i nordleg lysprikkfisk frå Norskehavet og av bly i ei samleprøve av liten laksetobis frå Norskehavet. Dette funnet må følgast opp sidan det berre var ei måling av denne.

Forskarane har også rekna på kva innhaldet av miljøgifter ville bli dersom ein laga fiskemjøl og fiskeolje av denne fisken. Dei organiske miljøgiftene er botne til oljen, så innhaldet av framandstoff i olje og mjøl vil difor bli eit anna enn i heil fisk. Dei fann at dei organiske miljøgiftene var generelt lave og under grenseverdi i oljen, med unnatak av dioksininnhaldet i nordleg lysprikkfisk, som låg nær opp mot grenseverdien. I fiskemjøl fann ein også lite metallgifter.

Fare for diaré

I tillegg til å undersøkje for vanlege miljøgifter som bly, dioksinar og kadmium har forskarane mellom anna undersøkt innhaldet av voksester. Dette er ufordøyeleg olje som kan gi ein slags diaré, og oljen finnast ikkje i annan norsk fisk. Det er ikkje tidlegare undersøkt vitskapleg kor mykje menneske toler av denne oljen, anna enn at forskarar har gjort forsøk på seg sjølve. Samanlikna med desse forsøka viste målingane av nordleg lysprikkfisk og liten laksetobis at ein må ete ein stor porsjon før ein får problem med magen.

– Vi ser at det går an å bruke desse artane som menneskemat, men helst ikkje i store mengder om gongen, då hovudsakleg på grunn av oljen som kan gi diaré. Fisken kan gjerne etast som forrett eller liknande. Vi kan godt samanlikne med sardinar, som ein heller ikkje et i store mengder om gongen. Vi ser også at det er eit godt potensial til å bruke desse artane i fiskefôr, seier Wiech.

HI-forskarane har undersøkt tre av dei mest aktuelle mesopelagiske fiskeartane for framandstoff, men det står att å undersøkje mange andre artar og mange andre område.

– Dette er berre starten. Det er mykje som står igjen, seier Wiech.

Se sammendraget av funnene og les rapporten på Mattilsynet.no