Lite radioaktiv forureining i oppdrettslaks

Forureininga i oppdrettslaksen er låg og langt under grenseverdien. Nivåa er tilsvarande eller lågare enn i villfisk.

Oppdrettslaks

I 2016 målte forskarar for første gong radioaktivitet i norsk oppdrettslaks langs heile kysten.

– Resultata var ikkje uventa, men viktig å få slått fast. No kan vi dokumentera at nivåa av radioaktiv forureining i oppdrettslaks er svært låge og utan betydning for dei som spis han, seier seniorrådgjever Harald Nordås i Mattilsynet.

Berre rykte om radioaktivitet i sjømat har tidlegare skapt usikkerheit.

- Difor er det viktig for både folkehelsa og økonomien at vi dokumenterer fakta, seier Nordås.

Undersøkinga er utført av Havforskingsinstituttet, NIFES og Statens strålevern på oppdrag frå Mattilsynet.

Mattilsynet bidrog med prøver av laks frå 100 oppdrettsanlegg frå Boknafjorden i sør til Varangerfjorden i nord. Dei tok prøvene gjennom heile 2016. Stad og tidspunkt for prøvetaking var tilfeldig. Dette for å gjere forskingsresultatet representativt for laksen på marknaden. Fiskefôret tok dei også prøver av.

Fann eitt stoff, langt under grenseverdien

I undersøkinga såg forskarane etter ei rekke menneskeskapte og naturleg radioaktive stoff, slik som cesium-137, plutonium-isotopar og kalium-40.

Det einaste menneskeskapte stoffet forskarane fann i oppdrettslaksen, var cesium-137 på mellom 0,05 og 0,25 Becquerel per kilo laksefilet. I laksefôret fann dei også berre cesium-137, opp til 0,54 Bq/kg.

Dette liknar nivåa som er funnen i villfisk. Til samanlikning er grenseverdien for næringsmidlar på 600 Bq/kg. Grenseverdien sette Mattilsynet etter Tsjernobyl-ulykka i 1986.

Cesiumnivåa er låge også samanlikna med mat produsert på land.

Driv konstant overvaking

Det er fleire kjelder for radioaktiv forureining i sjøen: Atomvåpentestingar på 50- og 60-talet, Tsjernobyl-ulykka i 1986 og utslepp frå Sellafield og Cap de la Hague, gjenvinningsanlegg for brukt kjernebrensel, har vore vektige kjelder.

Det i tillegg òg ei rekke potensielle forureiningskjelder. I havområda til Noreg ligg det to sokne atomubåtar, «Komsomolets» i Norskehavet og «K-159» i det søraustlege Barentshavet. På austsida av Novaja Semlja er det deponert atomavfall.

- Dersom det skjer forureining i framtida, er det viktig at vi allereie har dokumentert tilstanden, seier Nordås.

Havforskingsinstituttet samarbeider med Statens strålevern om overvaking av radioaktivitet  i vill fisk og sjømat i det nasjonale overvakingsprogrammet Radioactivity in the Marine Environment (RAME).

 Les rapporten: Radioactive substances in Norwegian farmed Atlantic salmon (Salmo salar)