Ofte kadmium i solsikkekjerner

8 av i alt 209 prøvar av næringsmiddel hadde for høgt innhald av kadmium. Av dei var 1 prøve av müsli, resten var solsikkekjernar. Det vart påvist kadmium i over 90 prosent av dei analyserte solsikkekjernane. Det syner ei kartleggjing frå Mattilsynet i 2005.

Mattilsynet gjorde i 2005 ei enkel kartleggjing av innhald av tungmetall i nokre næringsmiddel som både barn og vaksne har eit høgt inntak av. Produkta ein analyserte var kornprodukt, solsikkekjernar, hermetikk med tomat, grønsaker og potetprodukt. Av desse produkta er det i første rekkje solsikkekjernar ein bør vere litt merksam på, av omsyn til innhaldet av kadmium.

8 av i alt 209 prøvar hadde for høgt innhald av kadmium. Av dei var 1 prøve av müsli, resten var solsikkekjernar. Det vart påvist kadmium i over 90 % av dei analyserte solsikkekjernane.

Konvensjonelt dyrka solsikkekjernar hadde nesten dobbelt så høgt innhald av kadmium som økologisk dyrka kjernar, og gjennomsnittet av prøvane låg over den tillatne grensa. Dette indikerer at dyrkings- og gjødslingsmetodane påverkar eksponeringa for kadmium og eventuelt opptak.

3 av i alt 209 prøvar hadde for høgt innhald av bly. Det gjaldt 1 prøve av tomatbønner og 2 prøvar av potetprodukt.

Alle prøvar av hermetisk tomat inneheldt tinn, men under maksimumsgrensa for det som er tillate. Ein fann òg tinn i foredla frosne potetprodukt.

Bilde av et brød med solsikkekjerner i forgrunnenAkkumulerer seg i kroppen

Tungmetall i mat er noko ein ønskjer minst mogleg av, då dette er stoff som hopar seg opp i menneskekroppen og som er helseskadelege om mengdene blir for store. Det er difor sett grenser for innhald av slike stoff i mat, og det er ei eiga forskrift som regulerer dette, som er bygd på EU-reglar.

Barn er spesielt utsette på grunn av høgare opptak og lang eksponeringstid gjennom livet, og fordi dei er ekstra følsame for toksiske verknader.

Meir om prosjektet

Prosjektet hadde som mål å undersøkje innhaldet av bly (Pb), kadmium (Cd), tinn (Sn) og kvikksølv (Hg) i matvaregrupper som ikkje tidlegare var undersøkte. Det var òg eit mål å undersøkje matvaregrupper der ein rekna med at inntaket var høgt hos både barn og vaksne. Produktkategoriane ein tok stikkprøvekontrollar av, var kornprodukt, solsikkekjernar, hermetikk med tomat, grønsaker og potetprodukt.

Med omsyn til kadmium i solsikkekjernar, stadfester denne kartlegging det biletet ein har frå tidlegare undersøkingar. Dette inneber at ein for å vere på den heilt sikre sida, bør unngå å ete solsikkekjernar kvar dag.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00