Genmodifisert mat (GMO)

Genmodifisert mat består av, inneheld eller er framstilt frå plantar, dyr eller bakteriar som har fått endra arveeigenskapane sine ved hjelp av genteknologi.

Maiskolbe

 Foto: iStockphoto

Genmodifiserte plantar er oftast tilført eigenskapar som gjer dei meir motstandsdyktige mot ugrasmiddel eller insektangrep eller ein kombinasjon av desse. Produkt laga frå plantane blir rekna som genmodifisert mat i samsvar med regelverket både i Noreg og EU. I Noreg er det strenge krav til godkjenning og merking av genmodifiserte produkt.

Soya var ein av dei første genmodifiserte matplantane som blei godkjend i EU. Mange matvarer inneheld produkt frå soyabønner – til dømes brød, kjeks, majones, supper, dressingar, potetchips, sausar, sjokolade, iskrem, barnemat, margarin, godteri og soyasaus. Det er godkjend mange forskjellige genmodifiserte maisvariantar og nokre genmodifiserte soyavariantar i EU, og dessutan nokre variantar av raps og bomull.

Fagleg usemje

Fagfolk, politikarar og myndigheiter er usamde om føremoner, ulemper og moglege farar ved å produsere og ete genmodifisert mat. Somme meiner at genmodifisering kan gi eit meir effektivt og mindre skadeleg landbruk med større avlingar og auka matproduksjon. Andre fryktar at endringar i arvematerialet hos dyr, plantar og bakteriar kan føre til skadar på miljø og helse. Bruk av genteknologi i produksjon av mat kan óg reise fleire etiske spørsmål.

Godkjenning

Bearbeida, genmodifiserte næringsmiddel skal godkjennast av Mattilsynet før dei kan omsettast. Godkjenningsordninga er basert på ein grundig helserisikovurdering etter dei same prinsippa som i godkjenningsordninga i EUs regelverk om genmodifisert mat. Mattilsynet bruker Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) til å gjere risikovurderingane.

Merking

Norske forbrukarar skal vite kva maten dei et inneheld og korleis han er framstilt. Eventuelle genmodifiserte matprodukt som blir godkjend og kjem ut på den norske marknaden, må difor vere merkte i samsvar med regelverk under matlova.

Alle typar godkjende genmodifiserte næringsmiddel og ingrediensar i næringsmiddel skal ha merking som viser at dei er genmodifiserte. Det viktigaste unntaket er næringsmiddel som har eit utilsikta eller teknisk uunngåeleg innhald av spormengder av EU-godkjent genmodifisert materiale på under 0,9 % på ingrediensnivå. Sidan desse GMOene er risikovurdert og godkjende i EU, medfører ikkje slike spormengder nokon helsefare. Alle godkjende næringsmiddel som inneheld meir enn 0,9 % genmodifisert materiale, skal merkast.

Tilsyn

Mattilsynet har utvikla eit system for å føre tilsyn med genmodifisert mat, og kontrollerer årleg mat-, fôr- og såvarer for innhald av fleire genmodifiserte plantar. Det er ein føresetnad at ein skal kunne etterprøve genmodifiseringa gjennom å analysere sluttproduktet eller ved å kontrollere dokumentasjonen som følgjer med varepartiet. Meir om resultata frå desse kontrollane kan du lese på nettsidene til Mattilsynet under Genmodifisering og tilsyn.