Ikkje et stor ferskvassfisk

Abbor

 Foto: iStockphoto

På grunn av miljøforureining har visse typar ferskvassfisk innehalde helseskadelege mengder kvikksølv. Difor bør vi ikkje ete stor gjedde, abbor over ca. 25 cm, aure over éin kilo eller røye over éin kilo.

Gravide, ammande og små born under fem år blir åtvara mot å eta ferskvassfisk frå sjølvfangst i det heile.

Åtvaringa er gitt på grunn av kvikksølvinnhaldet, men i somme tilfelle kan det også vere høge nivå av dioksin, dioksinliknande PCB og bromerte flammehemmarar i ferskvassfisk. Perfluorerte sambindingar (PFAS) kan og vera eit problem der vatna ligg i nærleiken av flyplasser (brannøvingsområder).

Les meir om Ferskvannsfisk og kvikksølvforurensing