Trygg fisk der du fiskar? Last ned appen Miljøstatus

Lurer du på om det er åtvaringar for fisken der du fiskar? No kan du lett finne det ut med appen Miljøstatus.

 Foto: Miljøstatus.no

Last ned Miljødirektoratet sin app Miljøstatus frå App store.

Tillet at appen får sjå kor du er.

Vel Miljøtema og så Søk og skriv inn sjømat.

Då får du treff i Advarsler mot sjømat. Kryss av og trykk Vis kartet.

Dersom det er ei åtvaring for området, ser du det om delar av kartet er skravert. Trykk på det skraverte feltet og du får opp åtvaringa. Er det ingen skravering, er det heller ingen åtvaring.