Barn under 3 år bør ikkje ete for mykje rosiner
Små barn bør berre ete rosiner i mindre mengder. Eit høgt konstant forbruk kan føre til at dei får i seg muggsoppgifta okratoksin A (OTA). OTA fører ikkje til forgifting straks, men har uheldige langtidsverknader.
Okratoksin A finst i små mengder i ei rekkje matvarer utan at det er farleg for helsa. Det er først ved eit høgt inntak over tid helseeffektar kan oppstå. Mattilsynet sitt overvakingsprogram for mykotoksin i næringsmiddel viser at innhaldet av okratoksin A i rosiner ligg godt under grenseverdien, men eit jamleg inntak i tillegg til eit høgt forbruk kan bidra til eit stort inntak av OTA hos små barn. Det er det det totale inntaket over ein lengre periode som bør avgrensast. Det har ikkje noko å seie om eit barn et mange rosiner éin dag og ingen neste dag.
Det er ikkje gjort særskilde undersøkingar når det gjeld OTA, i økologiske rosiner, difor skil vi ikkje mellom økologiske og ikkje-økologiske rosiner.