Rabarbra – mineralrik og tidleg hagevekst

Rabarbra har tradisjonelt vore den første C-vitaminkjelda om våren, og ein av årets første friske grønsaker i Noreg. Enkelte stader kan den haustas i byrjinga av mai.

Mye rabarbra

Rabarbra har en tjukk og klumpete rotstokk med eit stort blad på en tjukk, kjøttfull stilk. I tidlegare tider brukte dei blada på same måte som spinat, men det er stilkene som vanlegvis brukas nå. Du kan eta rabarbra frå hagen i løpet av heile sommaren, om du kutter stilkane tidleg. Slik kan du unngå å få gamle og trevlerike stilkar med høgt innhald av oksalsyre. Stilkene skal vris eller rivast av på ein slik måte at ikkje hjarteskuddane øydeleggast. NIBIO Plantehelse råder folk til å gjere dette kring St. Hans, litt avhengig av kor du bor i landet. Etter tre-fire veker kjem det nye stilker.

Innhaldsstoff

Rabarbra er fattig på karbohydrat, feitt og protein. At rabarbra har vore ein av dei første vekstene ein kan hausta om våren er truleg ein av årsakene til at den var populær i private hagar. Den var ein av dei første C-vitaminkjeldene om våren. Mineralinnhaldet er høgt, særleg for kalium, kalsium og klor. Likeeins som til dømes hovudsalat, spinat og raubete kan rabarbrasaft innehalda mykje nitrat dersom den vert gjødsla kraftig med nitrogengjødsel. Men raude rabarbrastilkar inneheldt mindre konsentrasjonar av nitrat enn grøne stilkar av rabarbra. Nitritt vart ikkje funne i saft av rabarbra. Ved tillaging av rabarbrakompott vart det danna så små mengder nitritt at skadeleg verknad vart utelukka.

I foredlinga vert det lagt vekt på farge på bladstilkane. Dette er ein eigenskap som er svært genetisk bestemt. Dei ulike fargestoffa vert lett påverka av lys sjølv om tilsetting av sukker i produkt som saft og syltetøy gjer fargestoffa meir stabile. Hjå nokre sortar sit raudfargen berre i skalet og det ferdige produktet får berre ein svak farge. Andre sotar har heilt gjennomfarga stilkar og gir ein kraftig raudfarge. Det er også skilnad på sortane når det gjeld fargestabilitet.

Trevlar eller rå-cellulose betyr ein del for kvaliteten på rabarbraen, og trevleinnhaldet skal helst vera lågt. Det er tydeleg auke i trevleinnhaldet med alderen på stilkane. Ved hausting i juni har forsøk vist at trevleinnhaldet i middel for fem sortar var 8.7 g pr kg friskvekt, medan prøvar tekne i juli hadde 11.0 gram.

Syre

Til saman utgjer eplesyre og oksalsyre 80 prosent av dei organiske syrene i stilkane. Eplesyre er den dominerande syra i rabarbra, den vert vanleg nytta som tilsettingsstoff i mange matvarer som leskedrikk, syltetøy, godteri, salatar, is osv. Ein hevdar at eplesyra er heilt avgjerande for smakskvaliteten hjå rabarbra, og skal liggja i eit område på 18-22 prosent av turrvekta for å vera ideell.

Rabarbra er av dei grønsaker som har mest oksalsyre saman med mangold, spinat, portulakk og raudbete. Det er liten risiko for å bli forgifta av oksalsyre, men mykje oksalsyre kan redusere innhaldet at kalsium i kroppen. Små barn og ammande kvinner treng mykje kalsium, og bør difor ikkje overdrive inntaket av rabarbra. For å redusere innhaldet av oksalsyre, kan plantene haustast på et tidlig tidspunkt. Dei unge stilkene har minst oksalsyre.

Oksalsyreinnhaldet variera med ulike faktorar. Men den viktigste faktoren er genotype, og dermed valg av sort. Viktig er også alder på bladstilkane då innhaldet av oksalsyre aukar med alderen.

Voksested og formering

Hagerabarbraen finst i eldre hagar og til dels forvilla langs bekker og på tangvoller i Noreg. Den finnes og enkelte stader opp til Finnmark, og opp til 700 meter over havet (Røros). Rabarbra er fleirårig og trivs best i kjølige og fuktige somrar, med nokre centimeter tele i bakken om vinteren.

Plantene tåler å stå i halvskugge og er lite kravstore til jord, sjølv om dei ikkje liker å tørke ut. Ønsker du å formeire rabarbra, er det lett å dele rotstokken i 4-6 deler, men det bør være fleire bladknoppar på kvar del. Plant nye planter om våren slik at knoppene er dekt med jord.

Opprinnelse

Av slekta Rheum L. fins det kring 50 artar viltveksande i Sentral-Asia, Kina, Sibir og Vest-Asia. Rabarbra er omtalt i litteratur frå Kina for om lag 3000 år sidan, kor den vart brukt som universitetsplante innan medisinen, særskilt som eit sterkt avføringsmiddel. I Asia finnes en mengde viltveksande arter av rabarbra. Frå Kina kom den med namnet Ra vestover med barbaranes karavanar, derav namnet rabarbra. I Europa kom den til Italia på 1600-tallet og til England på 1700-tallet.

Den første sikre kjelda om rabarbradyrking i Norge er frå 1771. Rabarbraen vart då berre nytta til medisinsk bruk. Populær som ”spiserabarbra” vart den først etter at engelske sortar kom hit til landet siste halvdel av 1800 talet. Sidan vart ymse typar av rabarbra meir eller mindre spreidd over heile landet.

Rabarbra er ein fleirårig vekst som trivst best i områder med kjølige og fuktige somrar, og der det er vintrar med nokre cm tele i jorda. Rabarbra høyrer til Syrefamilien (Polygonaceae).

Sortar

NordGen har internasjonalt forplikta seg til å halda ved like dei genetiske ressursane i rabarbra. Dei vil difor prøva å skaffa seg oversyn over omfang og kvalitet på dei nasjonale samlingane. Norsk genressurssenter arbeider med å taka vare på artar og sorter i Noreg. Dyrkinga i dag skjer først og fremst med gamle sortar som ikkje er tilpassa rasjonell dyrking og nye forbrukarkrav. Det er ein negativ korrelasjon mellom oksalsyre og eplesyre, dermed har sortane med lågast oksalsyre mest eplesyre.