Urter til pryd og nytte

Mange planteartar som krydder, te og medisinalvekster er vakre prydplanter i hagen og kan brukast som pynt på serveringsfat og på kaker. Eksempel på dette er ringblomst, agurkurt, blomkarse, tagetes, stemorsblomst og roser. Les om fleire interessante artar her.

Solbærsalviebusk

 Foto: G. Børtnes

Solbærsalvie (Salvia grahamii)

Solbærsalvie er ein av svært mange artar innan salvie. Den har små ovale grasgrøne blad og i juli og august kjem raude små blomster. Den har god blomstring om hausten til frosten kjem. Blada luktar sterkt av solbær. Planten må formeirast vegetativt, er å få kjøpt i nokre staudegartneri i Noreg.

Etasjeblomst (Monarda didyma)

Etasjeblomst  kjem opphavlig frå Nord-Amerika hovedsakelig fra de østlige områdene. Det  er ein flott staude og mykje brukt som te og legeplante, den er blant annet .kjent for å ha en antiseptisk virkning og brukes i munnvann. NIBIO har hatt fleire artar av Monarda i forsøk, men denne arten er mest aktuell. Ein kan kjøpa frø og laga planter, men det er stor variasjon i plantemateriale. Det er difor best å skaffa planter vegetativt av materiale frå ein staudeplanteskule. Det finst fleire planteskular som leverar plantemateriale på postordre dersom ein leitar på internett. Plantene har ein lang blomstringsperiode.

Muskatsalvie (Salvia sclarea)

Muskatsalvie er ein toårig plante, og når den er etablert sår den seg lett. Planten kjem frå Syd-Europa, men det er generelt ein hardfør plante. Blada er bittert aromatiske smaken minner om Salvie (S. officinales) og brukast ofte som smaksetter i kokte retter.Tidlegare vertn nytta for å gi betre smak på vin som ein ikkje var nøgd med. Vinen fekk då ein smak av Muskatdrue, difor namnet. Blomane kan nyttast rå i salat, eller tørka i teblandingar. Den eteriske oljen minner om ambra. Den blir kalla salvieolje eller musatellolje og blir brukt i parfyme, kosmetikk og aromaterapi. Den tørka planten kan brukast i potpurrier og som eternell. Dette er og ein medisinplante, men vi har ikkje dyrking av den som medisinplante i Noreg.

Planten er vakker og gjer seg godt som prydplante i hagen. Den blir ca. 90 cm høg. Den har lang blomstringsperiode, frå juni til langt ut på hausten.

Bukkehornskløver (Trigonella foenum-graecum)

Bukkehornskløver

Bukkehornskløver er ein eittårig belgplante som kan bli ca 1 m. Som ein ser av bilde kan frøbelgane likna på bukkehorn. Foenum-graecum betyr gresk høy på latin, og planten er ein kjent forplante. Opphavleg heimehørande i middelhavslanda og i Asia, men på verdsbasis dyrkas planten i dag i stor skala i ei rekke land. På godt drenert og gjerne leirholdig jord på gode vekseplassar er det mogeleg å dyrka denne planten også i Noreg.

Planten er omtala som fangvekst og grøngjødslingsplante under danske tilhøve (Holmegård 1987), men er truleg lite aktuell for norske forhold til dette formålet.

Frøa av planten er svært mykje brukt til medisinske føremål og mange kjenner den frå helsekostbutikkane. Frøa blir også nytta som smakstilsetting, kanskje særleg i indisk mat der den er ein viktig del av karry. Både grekarar og romarar brukte planten som mat og medisin. I Noreg blir den til dømes brukt i kvitost produsert på gardsmeieri i Hedmark med svært godt resultat (Pünter).

Før planten blir over 20 cm høge kan skudd og blad også brukast rå eller kokt. De næringsrike frøene kan brukas i salatar. Før bruk bør frøa ristast og malast for å få fram smaken.