Er det sant at linfrø inneheld blåsyre?
Eg har høyrt at linfrø kan innehalde blåsyre. Eg et ca. ei spiseskei linfrø per dag i frukostblandinga mi. Er det helsefarleg?
Det er rett at linfrø inneheld cyanogene glukosid som blir frigjorde til blåsyre (hydrogencyanid; HCN) i magen. Noko av blåsyra ein får i seg, blir borte, men det er skadeleg å få i seg for mykje.
Éi til to spiseskeier heile linfrø per dag for ein vaksen person fører ikkje til forgifting, ifølgje Livsmedelsverket i Sverige.