Er kjøt som er merka "storfekjøt", alltid ku, kalv eller okse?

Er kjøtt som er merka "storfekjøtt", alltid ku, kalv eller okse, eller kan til dømes hest bli selde under denne nemninga?

Det er ikkje skilt på oksekjøt og kukjøt, og dei blir begge selde under nemninga storfekjøt. Oksesteik eller oksekotelettar kan like gjerne vere frå ku. Dersom eit produkt er merkte med at det inneheld ”storfekjøt”, skal kjøtet stamme frå storfe (inkludert artane Bubalus bubalis og Bison bison).

Hest er ikkje storfe og kjøt frå hest kjem ikkje inn under definisjonen av storfekjøt

Kjøtprodukta skal vere merkte slik at ein i størst mogleg grad kan sjå kva råvarer dei er framstilte av, og/eller kva produktgruppe dei høyrer til. Dei må ikkje ha namn som gjer at dei kan forvekslast med andre kjøtprodukt.