Haldbarheitsdato

Næringsmiddel blir merka med haldbarheitsdato ut frå to ulike omsyn, nemleg helse og kvalitet. Det er to ulike former for haldbarheitsmerking: ”siste forbruksdag” for næringsmiddel som lett blir skjemde, og ”best før” for mat som ikkje blir lett skjemd.

For å minske matsvinn har fleire matvareprodusentar starta med frivillig tilleggsmerking når maten er merkt «best før (dato)». Dei fleste bruker: "best før (dato), ofte god etter".

Når du har kjøpt matvara, er det du som har ansvaret for at maten blir handtert som føresett ved fastsetjing av haldbarheitsdato. Når produsenten fastset haldbarheitsdato, gjer han det ut frå omsyn til råvarer, produksjonsmetode, forhold rundt transport, oppbevaring og omsetjing. Datoen skal vise kor lenge vara held på dei spesifikke eigenskapane sine ut frå oppgjevne oppbevaringsforhold i uopna pakning.

Om det er naudsynt for lagringsevna, skal produktet ha opplysningar om oppbevaringsmåte.

”Siste forbruksdag …”

Matvarer som blir lett skjemde, og difor kan bli helsefarlege etter kort tid er merka med ”siste forbruksdag” og skal alltid vere påførte oppbevaringsmåte. Datomerkinga er oftast sett ut frå mikrobiologiske omsyn. Det vil seie at om du et produktet etter den datoen, kan mikroorganismar i maten gjere deg sjuk. Matvarer merka med ”siste forbruksdag” kan ikkje omsetjast etter at datoen har gått ut.

Forholdsreglar for å unngå skjemd mat

Etter at du som forbrukar har kjøpt ei vare, er det viktig at du handterer vara slik at du unngår fare for at maten skal bli skjemd. Forholdsreglane går ut på å avgrense formeiring av mikroorganismar, å avgrense tilførsel av mikroorganismar og å drepe eller uskadeleggjere mikroorganismane.

Avgrense formeiring av mikroorganismar

Mat som kan bli  skjemd, må oppbevarast etter tilvisinga på pakka. Datoen som er sett, er følgd av informasjon om vilkår for oppbevaring. Det er viktig å hugse at dersom du ikkje følgjer denne tilvisinga, kan det påverke lagringsevna til produktet. Dersom du lèt mjølka eller kjøttdeigen liggje lenge i romtemperatur, vil det endre lagringsevna til produktet. Oppbevaringsvilkåra påverkar nemleg kor raskt mikroorganismane utviklar seg. Låg temperatur hemmar utviklinga av mikroorganismar.

Avgrense tilførselen av mikroorganismar

Du kan sjølv tilføre produkta mikroorganismar under handteringa av maten. Dersom du bryt innpakkinga av eit heilt kjøtstykke og deler det opp i mindre bitar, vil lagringsstida på produktet bli kortare.

For å redusere tilførselen av mikroorganismar under matlaginga er det viktig med god kjøkenhygiene, til dømes ved å halde rå og ferdig mat skilde og ved å halde kjøkenreiskapar reine. Vidare er det viktig med god handhygiene, slik at ein ikkje tilfører maten mikroorganismar via eigne hender. All tilførsel av mikroorganismar vil gjere lagringstida kortare.

”Best før…”

Matvarer som ikkje blir så lett skjemde, skal merkjast med "Best før ..." eller "Best før utgangen av ...".

Haldbarheitsmerking av matvarer som ikkje blir lett skjemde, skal først og fremst gi opplysning om kor lenge vara held seg utan å tape kvalitet eller andre spesifikke eigenskapar, som til dømes smak eller vitamininnhald. Dersom det er naudsynt med ein bestemt oppbevaringsmåte for at kvaliteten skal halde seg uforandra, skal datomerkinga følgjast av opplysningar om lagringsmåte, til dømes”må lagrast mørkt”. Lys kan påverke kvaliteten på for eksempel smak og vitamininnhald i enkelte produkt.

Varer som er merka med "Best før ..."-dato, kan framleis seljast/marknadsførast etter at datoen er gått ut, dersom vara framleis har akseptabel kvalitet. Akseptabel kvalitet inkluderer tryggleiken til maten. Det er seljaren som har ansvaret for at produktet held forventa kvalitet, ved salgstidspunktet.

"Best før (dato), ofte god etter"

For å minske matsvinn har fleire matvareprodusentar starta med tilleggsmerking når maten er merka «best før (dato)». Dei fleste produsentane er samde om felles ordlyd på slik frivillig haldbarheitsmerking: "best før (dato), ofte god etter".

Mattilsynet stiller tre krav til denne merkinga: ho skal ikkje vere villeiande, tveitydig eller forvirrande for forbrukar.

Du kan lese meir på Matvett.no - forebygging av matsvinn