Kan butikkane selje mat som er gått ut på dato?

Det er to typar haldbarheitsdato, "best før" og "siste forbruksdag":

  • Matvarer merkte med "best før…" eller "best før utgangen av…" kan seljast eller gis bort også etter at datoen er passert.
  • Matvarer som er merkte med "siste forbruksdag…", er det ikkje lov å selje etter at datoen er gått ut. Butikken kan heller ikkje gi bort desse varene gratis.

Siste forbruksdag

Lett skjemde matvarer er merkte med ”siste forbruksdag” og skal alltid ha opplysningar om oppbevaringsmåte på emballasjen. Datoen er oftast sett ut frå mikrobiologiske omsyn. Det vil seie at etter den datoen kan mikroorganismar i produktet gjere deg sjuk.