Namn på matvara

Namnet på matvara skal gje forbrukaren eit klart inntrykk av kva for ei matvare det er snakk om. Somme gonger kan namnet trenge utfyllande opplysningar om korleis matvara har vore behandla. Det må til dømes stå på knuste, hermetiske tomatar at dei er knuste, og på posesuppa må det stå at ho er i pulverform.

Namnet skal vere på norsk. I unntakstilfelle kan eit anna språk aksepterast, men berre om stavinga liknar den norske. Ein del utanlandske namn har blitt så velkjende for norske forbrukarar at dei kan brukast som namn på matvarer. Det gjelder til dømes chutney, lasagne, hot dogs, popcorn og bagette. Namnet på matvara kan normalt ikkje erstattast med eit varemerke eller eit fantasinamn.

Namnet skal ikkje villeie forbrukaren

Namnet på ei matvare skal ikkje villeie forbrukaren om produktinnhaldet. Ei matvare som heiter sjampinjongsuppe må difor både smake og innehalde sjampinjongar. Nøyaktig kor mykje sjampinjongar suppa må innehalde, er derimot ikkje regulert, men skal vere oppgjeve i prosent på pakninga.

Namnet på ei matvare kan ikkje gje all naudsynt informasjon om produktet, men utfyllande informasjon om innhaldet finn du i ingredienslista.