Sjekka skjel for forureining

Det er stabilt god status for skjel produsert for den norske marknaden, viser rapporten frå overvakinga i 2019. På oppdrag for Mattilsynet undersøkjer Havforskingsinstituttet kvart år norske skjel for tarmbakteriane E. coli og Salmonella, og for ulike miljøgifter. Formålet er å dokumentere nivået av miljøforureining, og sikre at skjel som blir selt på den norske marknaden er trygge å ete.

Forsker som undersøker et blåskjell

Overvakinga har to delar: ein mikrobiologisk del som ser etter bakteriar, og ein kjemisk del som ser på framandstoff.

Stort sett reine skjel

I den mikrobiologiske delen fekk forskarane i 2019 tilsendt 207 prøvar frå Mattilsynet, og 246 prøvar frå næringa. Prøvane var henta frå ulike område der muslingar blir produsert for kommersiell omsetning, og frå stasjonar ein tar prøvar av til blåskjelvarselet.

Dei fleste prøvane var blåskjel. I tillegg var det prøvar av kamskjel, flatøsters, stillehavsøsters, strandsnigel, teppeskjell, kuskjel, oskjel, drøbakkråkebolle og kongsnigel.

21 av dei 207 prøvane som var sendt inn av Mattilsynet (10,9 prosent) hadde eit innhald av E. coli over grenseverdien som er fastsett av EU. 25 av prøvane var av sluttprodukt, og ingen av desse hadde innhald av E. coli over grensa.

Det blei ikkje funne salmonellabakteriar i nokon av dei 26 prøvane som blei analyserte for dette.

I prøvane som var sendt inn av næringa, var innhaldet av E. coli under grenseverdien i 221 av 246 (89,8 prosent). 24 blåskjel og éin flatøsters hadde innhald over grenseverdien.

Klassifiserer produksjonsområde

Mengd E. coli gir grunnlag for klassifisering av skjel-lokalitetar i såkalla A-, B- og C-område.

Skjel frå eit A-område kan gå direkte til konsum, mens skjell frå B- og C-område må gjennom reinsing før dei kan seljast.

Meir enn 46 000 E. coli per 100 g skjelmat og kappevatn fører til hausteforbod. Det høgaste nivået som blei funne i 2019 var 16 000 per hundre gram i eit blåskjel.

Låge nivå av metall og miljøgifter

I den kjemiske delen av undersøkinga fekk forskarane tilsendt 41 prøvar samla inn av Mattilsynet sine inspektørar, og 15 prøvar samla inn av næringa. Prøvane blei sjekka for metall, PCB, dioksin, bromerte flammehemmarar og PAH.

Som for tidlegare år, blei det stort sett funne låge nivå av metall i prøvane og svært låge verdiar av organiske miljøgifter. Av overskridingar blei det funne to prøvar av flatøsters, éin prøve av oskjel og ein prøve av kongsnigel som oversteig grenseverdien for kadmium.

For oskjel og kongsnigel anbefaler Mattilsynet å fjerne delar med høgt innhald av kadmium og bly, slik at spiselege delar kjem godt under grenseverdiane.

Resultata frå prøvane innsendt av næringa er på nivå med prøvane sendt inn i regi av Mattilsynet.

(Nasjonalt tilsynsprogram for produksjon av skjel og andre blautdyr blei starta av Mattilsynet i 2006 på bakgrunn av krav frå EU. Før dette har Havforskingsinstituttet (tidlegare NIFES) bidratt i skjelovervaking sidan 1999.)

Se sammendraget og rapporten