Fluorerte stoff (PFAS) 

Per- og polyfluoralkylerte stoff (PFAS) er ei fellesnemning for ei stor gruppe fluorerte stoff. Stoffa hopar seg opp (vert akkumulerte) i kroppen til fisk, dyr og menneske. PFAS er ikkje akutt helsefarleg, men kan over tid auke risikoen for skadelege effektar på immunsystemet.

PFAS har vatn-, flekk- og feittavvisande eigenskapar. På grunn av desse eigenskapane er PFAS til dømes brukt i steikepanner, tekstilar, brannslukkingsskum, kosmetikk, matkontaktmaterialar og maling. 

Det er per i dag meir enn 7000 ulike PFAS-stoff og dei fleste er det lite kunnskap om. PFOA, PFNA, PFHxS og PFOS er blant PFAS-ane som er best undersøkt, og som vi difor veit mest om.  Dei er alle tungt nedbrytelege i miljøet og også i menneske. 

Vi får i oss mest PFAS gjennom det vi et og drikker. Fisk, egg og frukt er matvarene som bidreg mest til PFAS i norsk kosthald.

Fluorholdige stoff (PFAS) kan også vere eit problem i vatn og vassdrag nær brannøvingsfelt på flyplassar. Mattilsynet åtvarar difor mot å eta fisk frå ferskvatn og vassdrag i nærleiken av flyplassar.

Mattilsynet åtvarar mot fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar.