PAH
Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) er ei stor gruppe stoff som blir danna ved ufullstendig forbrenning av organisk materiale. Nokre av dei er giftige og kan skade arvestoffet eller føre til kreft. PAH kan komme inn i maten som forureining, men kan også dannast når vi lagar mat. PAH finn vi oftast i grilla og røykt mat og i skjel som er fanga i forureina område.
I stoffgruppa polyaromatiske hydrokarbon (PAH) er det fleire sambindingar som kan skade helsa. Fleire av PAH-sambindingane, mellom dei benzo(a)pyren (BaP), kan føre til kreft.
Det er funne store konsentrasjonar av PAH i blåskjel og o-skjel nær aluminiumsverk. Mattilsynet rår folk til å vere forsiktige med å ete skjel frå ei rekkje fjordar og hamneområde.
PAH kan også dannast i mat som blir utsett for sterk varme, som under grilling og i røykjeprosessar. Ein bør difor unngå for hard steiking/grilling og røyking når ein lagar mat heime.
Det er sett grenseverdiar for PAH i mellom anna oljar/feitt, røykte matvarer, skjel, fisk og barnemat.
Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar Unngå fisk og skalldyr fra forurensede havner, fjorder og innsjøer
Kilde: Folkehelseinstituttet - PAH