Risikovurdering av kvitt forsfor 2006: Ikkje helsefarleg for folk
Vitskapskomiteen for mattryggleik konkluderer at det er liten risiko for helseskade for menneske som et fisk eller dyr som har beita eller drukke vatn i skytefelt der Forsvaret har brukt kvitt fosfor. Restane av kvitt fosfor i skytefelt kan derimot vere eit problem for dyrehelsa.
Mattilsynet tinga i vinter ei risikovurdering av kvitt fosfor, frå Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM). Dette blei gjort fordi ein hadde fått ny kjennskap til at Forsvarets bruk av kvitt fosfor i skytefelt fører til rester av stoffet i våtmark. Vurderinga som VKM no har publisert inneheld ei vurdering av mattryggleik-, drikkevatn- og dyrehelseproblematikk kring kvitt fosfor.
Mattryggleik
VKM konkluderer at det er liten risiko for helseskade for menneske som et fisk eller dyr som har beita eller drukke vatn i skytefelta. VKM har lite vitskapeleg grunnlag for å uttale seg om planter, bær eller sopp plukka i skytefelta, men meiner det er små sjansar for at kvitt fosfor vil bli teke opp i vegetasjonen.
Drikkevatn
VKM har vurdert at 0,1 mikrogram kvitt fosfor pr liter drikkevatn er akseptabelt. Det blei i vinter tatt prøver av drikkevatnet til folk som bur i nærleiken av visse skytefelt. Det blei ikkje funne noko kvitt fosfor i nokon av prøvene.
Dyrehelse
Kvitt fosfor kan derimot vere eit problem for dyrehelsa. VKM stadfestar at ein ikkje kan sjå bort frå at fisk, fugl eller beitedyr kan få skader av restane av kvitt fosfor i skytefelt. Dette er den same konklusjonen som Veterinærinstituttet kom fram til i ei hastevurdering tinga av Mattilsynet i vinter.
Oppfølging av vurderinga
Mattilsynet var i vinter i kontakt med Forsvaret for å gjere dei merksame på risikoen kvitt fosfor utgjer for dyra og har oppmoda dei til å sette i verk tiltak for å hindre at dyr kjem til skade. I tillegg har Fylkesmannens miljøvernavdeling i sommar fatta vedtak om at Forsvaret skal gjere undersøkingar i visse skytefelt i Troms. Fylkesmannen vil følgje opp resultata frå undersøkingane, og VKMs vurdering, med pålegg om tiltak som har som mål at naturmiljø, dyr og menneske ikkje skal utsetjas for risiko knytt til førekomst av kvitt fosfor i og ved skytefelt.