Er det greit å oppbevare brød i handleposar?

Nei, brød bør oppbevarast i emballasje som er laga for å ha direkte kontakt med næringsmiddel.

Brød

 Foto: iStockphoto.com

Handleposane vi får i daglegvarebutikkane, er ikkje laga for å vere i direkte kontakt med mat. Mange plastposeleverandørar lagar handleposar av resirkulert materiale, og dei kan gi frå seg uheldige framandstoff til maten.

Merkinga skal opplyse brukaren om emballasjen er meint for kontakt med næringsmiddel. Glas- og gaffelsymbolet er eitt av fleire alternativ for merking. Produkta kan også ha ei karakteriserande varenemning, til dømes "brødpose" eller "matboks". Dersom det står "for næringsmiddel" eller "for mat", oppfyller også det regelverket på dette punktet.

Enkelte butikkjeder har begynt å merkje handleposane sine med at dei ikkje er eigna som matemballasje.