54 nye og 144 oppdaterte matvarer i Matvaretabellen

Matvaretabellen inneheld no 1771 matvarer og rettar. I den nye-versjonen av tabellen er 54 matvarer nye og 144 matvarer er oppdaterte. Det er blant anna nye verdiar for kjøtprodukt og middagsrettar.

Matvaretabellen gjev ei samla oversikt over innhald av energi og næringsstoff for dei vanlegaste matvarene i Noreg.

Matvaretabellen gjev ei samla oversikt over innhald av energi og næringsstoff for dei vanlegaste matvarene i Noreg. Nytt i årets versjon er fleire middagsrettar og smårettar, oppdaterte verdiar for meieriprodukt, nøtter og frø. - Vi oppdaterer og utvidar utvalet av matvarer i Matvaretabellen for å spegle det forbrukarane finn i daglegvarebutikkane, seier seksjonssjef Merethe Steen i Mattilsynet.

Nye analyseverdiar for kjøtprodukt

Utvalet av kjøtprodukt i Matvaretabellen er oppdatert og utvida med nye analyseverdiar for ulike typar pølser, karbonadar og kjøtbollar.

Matvaretabellen oppdaterast årleg sidan nye matvarer lanserast kontinuerleg på marknaden, og ingrediensar og produksjonsmetodar vert endra. I tillegg vil metodar og kvalitetskrav knytt til matvareanalysar forbetrast over tid. Matvaretabellen nyttast òg som berekningsgrunnlag i næringsstoff- og kostanbefalingar til befolkninga.

Matvaretabellen er eit samarbeidsprosjekt mellom Mattilsynet og Universitetet i Oslo.

Grunnlag for næringsdeklarasjonar

Næringsdeklarasjonen gjer det enklare for forbrukarane å finne ut kva maten inneheld, og å samanlikne matvarer. Matindustrien kan bruke Matvaretabellen til å berekne næringsdeklarasjonar.

- Viss matindustrien ikkje har analysedata for produkta sine, kan næringsinnhaldet bereknast ut frå oppskrift. Då er Matvaretabellen eit godt verktøy til å berekne nye næringsdeklarasjonar, seier Merethe Steen.

Kostholdsplanleggeren

Kostholdsplanleggeren er ei gratis nettside for kostberekning der ein kan berekne summen av næringsinnhald i registrerte matvarer og samanlikne med norske anbefalingar for inntak av energi og næringsstoff. Matvarene i Kostholdsplanleggeren er henta frå Matvaretabellen. Nettsida kan brukast i kosthaldsopplæring i skule og anna undervisning, i ernæringsrettleiing og for dei som ønsker å vurdere og planleggje eige kosthald. Kostholdsplanleggeren er utvikla av Helsedirektoratet og Mattilsynet.

Den nye versjonen av Kostholdsplanleggeren vil kome tidleg i 2020.

For meir informasjon, kontakt:
Pressevakta i Mattilsynet, mobil: 46912910 eller kommunikasjon@mattilsynet.no