Kvifor er det ikkje fleire næringsstoff i Matvaretabellen?

Utvalet av næringsstoff i Matvaretabellen er basert på kva næringsstoff som det finst offisielle, norske anbefalingar for. Det er ei svært ressurskrevjande oppgåve å leggje til nye næringsstoff.

Difor er det ikkje per no planar om å leggje til fleire næringsstoff. I dei årlege analyseprosjekta til Matvaretabellen inngår sukkerartar (mono- og disakkarid) og fleire former for vitamin K. Resultat frå prosjekta er tilgjengelege her.