Kvifor er det skilnad på innhaldet av karbohydrat i ei matvare mellom Matvaretabellen og andre kjelder?

Det er vanleg at det er noko variasjon i innhaldet av næringsstoff i ei matvare mellom ulike kjelder. For karbohydrat kan det i nokre tilfelle vere ekstra stor skilnad.

Skilnaden i innhaldet av karbohydrat skuldast ofte ulike måtar å definere/berekne karbohydrat på. I Matvaretabellen er karbohydratinnhaldet lik summen av sukkerartar og stivelse.

Andre kjelder kan bruke andre definisjonar. Ofte blir karbohydrat berekna ved differanse. Berekning ved differanse vil seie det som blir igjen når summen av vatn, protein, feitt, alkohol, fiber og oske i 100 g matvare er trekt frå. Ein karbohydratverdi basert på differanse kan bli noko høgare enn ein analysert verdi eller verdiar berekna som summen av sukkerartar og stivelse, sidan andre udefinerte stoff òg kan inngå.

Les meir om karbohydrat her:

Om tabellverdiene i Matvaretabellen

frå Helsedirektoratet (Rapport IS-2170).