Nye næringsstoffverdiar for tilsett sukker, storfekjøt og fisk i Matvaretabellen

Matvaretabellen er oppdatert med mange nye næringsstoffverdiar. Blant årets nyheiter er fleire plantebaserte matvarer, nye verdiar for storfekjøt og fleire fiskeslag, samt heilt nye verdiar for tilsett sukker. 

Matvaretabellen gjev ei samla oversikt over innhald av energi og næringsstoff i dei vanlegaste matvarene vi et i Noreg. Til saman er det 69 nye matvarer, og 709 matvarer er oppdatert.

– Vi har nye næringsstoffverdiar for makrell i tomat, vegetarpålegg, pepperoni og tørka frukt frå eit analyseprosjekt gjennomført av Mattilsynet i 2022, seier Jorån Østerholt Dalane, seniorrådgjevar i seksjon kjemisk mattrygghet i Mattilsynet. 

Tabellen er eit viktig oppslagsverk og reiskap i matforvalting og ernæringspolitikk, i undervisning og opplysingsarbeid, for helsepersonell og forskarar, og han dannar grunnlaget for berekning av inntaket av ulike næringsstoff for enkeltpersonar og grupper. Tabellen nyttast òg av matindustrien som grunnlag for næringsdeklarasjonar og ved matproduksjon.

Nye verdiar for sukkerartar og tilsett sukker

Dei fleste matvarene i Matvaretabellen har fått oppdaterte verdiar for sukkerartar og tilsett sukker. Arbeidet er gjennomført av avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2021-2022 i eit prosjekt finansiert av Direktør Throne Holst fond for ernæringsforskning. 

Nye data for storfekjøt og fisk

– Vi har òg fått nye næringsstoffverdiar for storfekjøt i Matvaretabellen, seier Dalane. 

Dataene kjem frå eit samarbeidsprosjekt mellom Animalia, Nortura, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, MatPrat, Universitetet i Oslo og Mattilsynet. Prosjektet har gjeve heilt nye og representative analysedata for næringsstoffinnhald i dei ti vanlegaste stykningsdelane i storfe, som til dømes indrefilet og entrecôte. 

Havforskningsinstituttet har levert data for fleire fiskeslag til årets versjon av Matvaretabellen. Det er nye næringsstoffverdiar for oppdrettslaks, villfanga torsk og sei. Dataene er samla inn, analysert og bearbeida av Havforskningsinstituttet i perioden 2020 til 2022. Datamaterialet kjem frå fleire hundre prøver frå ulike geografiske lokasjonar i Noreg. 

Kostholdsplanleggeren er òg oppdatert med data frå den nye versjonen av Matvaretabellen.