Tilbaketrekking:

Bremnes Seashore AS tilbakekallar alle Salma-produkt med slaktedato 3. oktober

Bremnes Seashore AS har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på ein Salma halvloin med slaktedato 3. oktober 2019. For å vera heilt sikre tilbakekallast alle Salma-produkt knytta til denne slakte/pakkedagen. Dette gjeld alle SALMA-produkt merka med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det SALMA smoked merka med partinummer 221252.

  • Salma Laks
  • Salma Lean back loin
  • Salma Smoked
  • Salma Taco
  • Salma 360
  • Salma Burger
  • Salma 190
  • Salma Loin
  • Salma loin

Tilbaketrekningen gjelder følgende vare

  • Produktnavn: Alle Salma-produkt med slaktedato 3. oktober
  • Navn på virksomheten som kaller tilbake varene: Bremnes Seashore AS
  • Produksjonsvirksomhet: Bremnes Seashore AS
  • Batch/Lotnr.: 122324 og 221253 (221252 - Salma Smoked)

Dei tilbaketrekte produkta har vore i sal i butikk frå måndag 7.oktober, med unntak av OBS Haugesund kor varene var i sal frå fredag 4.oktober.

Dei som har kjøpt desse produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merka med dei aktuelle partinummera. Det er også mogleg å returnera produkta til butikken der dei vart kjøpt for å få pengane tilbake. Listeriabakteriar kan gje alvorleg sjukdom hos menneske, spesielt personar med nedsett immunforsvar, som gravide, eldre og nyfødde.

Produksjonen frå påfølgjande produksjonsdag er testa og trygge å eta. Det er ikkje funne listeria på andre produkt frå Bremnes Seashore.

Kontaktinformasjon

Simon Nesse Økland, utviklingssjef Bremnes Seashore. Epost: simon@seashore.no.