Tilbaketrekking:

Fiskemannen peppermakrell filet 100 g, trekt frå markedet.

Unil AS trekkjer tilbake produktet Fiskemannen peppermakrell filet 100 g med best før dato 20.11.2019. Årsak er manglande merking av allergenet «sennepsfrø». Etikett på baksida av pakningen er óg merka med feil produktnamn, «spekesildfilet».

Peppermakrell

Tilbaketrekningen gjelder følgende vare:

  • Produktnamn: "Fiskemannen peppermakrell", filet, 100 g
  • Produsent: SF98
  • Best før dato: 20.11.2019
  • Verksemda som kallar tilbake varene: Unil AS

Etikett på baksida av pakningen er merka med feil produktnamn; «spekesildfilet»

Partiet, på inntil 1750 forbrukarpakningar, er selt i Norgesgruppen sine butikkar over heile landet.

Personar som er allergiske mot sennep kan få reaksjonar dersom dei et makrellen. Personar med slik allergi skal ikkje ete produktet. For alle andre er det ingen risiko. Aktuelle produkt kan kastast eller returnerast til butikk.

Produsenten opplyser at produktet er trekt tilbake og ikkje lenger skal vere tilgjengeleg i butikkane.

Kontaktperson:

Unil, kundeservice: 22 11 35 55