Har kartlagt miljøgifter i tre nye fiskeslag

Forskarar har for første gong kartlagt innhald av miljøgifter i norsk breiflabb, lyr og raudspette. Ingen av fiskane hadde nivå av framandstoff over grenseverdiane i fileten.

 Foto: Erling Svensen (lyr og breiflabb), Eivind Senneset / Havforskningsinstituttet (rødspette)

448 raudspette, 315 breiflabb og 296 lyr vart analysert for framandstoff i filet og lever i perioden 2016–2019. Prøvane var samla inn langs norskekysten og i Nordsjøen ved hjelp av kystreferanseflåten, andre fiskarar og tokt.

Kartlegginga var gjort på oppdrag for Mattilsynet.

Nivåa var stort sett låge og under grenseverdiane som gjeld ved omsetjing av fisk som mat.

Mest kvikksølv i breiflabb

– I filet av breiflabb fann vi litt høge nivå av kvikksølv, og dei høgste nivåa finn vi her langs kysten av Vestlandet. Men nivået er ikkje over grenseverdien, seier forskar Sylvia Frantzen, som har leia arbeidet med den nye rapporten.

Breiflabbane frå Vestlandet hadde kvikksølvnivå på rundt 0,4 mg per kg våtvekt i snitt. Grenseverdien som gjeld kvikksølv i breiflabb er heile 1 mg/kg, medan grenseverdien som gjeld dei fleste fiskeslag er på 0,5 mg/kg.

Generelt fann forskarane høgare konsentrasjonar av framandstoff i breiflabb og lyr frå Sør-Noreg enn frå Nord-Noreg. For raudspette såg vi ikkje det same mønsteret, blant anna fordi raudspettene tatt i nord var større, ifølgje Frantzen.

Forskjell på mager og feit fisk

Forskarane analyserte både filet og lever av dei tre artane, og såg interessante forskjellar mellom dei.

– Lyr og breiflabb er magre fiskar. Dei har lite av feittløyselege miljøgifter i fileten, men mykje i levra. Raudspette er ein litt feitare art; den har meir av desse stoffa i fileten, men mindre i levra enn dei andre to artane, forklarer Sylvia Frantzen.

Ingen filetar over grenseverdiane

I lever av breiflabb og lyr fann forskarane konsentrasjonar av dioksin og dioksinliknande PCB og PCB6 over grensene som er sett for lever av fisk.

På grunn av tidlegare funn åtvarar Mattilsynet generelt mot å ete lever frå sjølvfanga fisk i kystområda. Born gravide og ammande er åtvara mot å ete fiskelever uansett fangstområde.

Elles var det ingen prøvar av filet som hadde konsentrasjonar av kvikksølv, kadmium, bly, dioksin, dioksin-liknande PCB eller PCB6 over grenseverdiar.

Viktig å få dokumentasjon

– Vi har jobba oss nedover på lista over norske fiskeslag i kartleggingsprogrammet til Mattilsynet. Dette er ikkje dei viktigaste kommersielle artane, men det er viktig å få dokumentasjon på dei, for det kjem stadig spørsmål både frå næringa og forbrukarar om kva som er trygt å ete og ikkje, seier Frantzen. Spesielt breiflabb har det vore lite data på tidlegare, legg ho til.

Forskarane har også kartlagt verdiar av stoff som har vore forholdsvis lite dokumentert i norsk fisk før, slik som perfluorerte stoff samt dei bromerte flammehemmarane HBCD og TBBP-A.

– Det er bra å få eit datagrunnlag for dette, sjølv om det ikkje er sett grenseverdiar for desse stoffa i dag, seier Frantzen.

Seinare meiner ho også det kan vere behov for å analysere innhaldet av uorganisk arsen, eit stoff dei ikkje sett på i denne runden. Det var høge nivå av arsen i raudspette og breiflabb, men basert på tidlegare analyser av andre fiskeslag er det likevel grunn til å tru at verdiane av den giftige forma av arsen, uorganisk arsen er låge, ifølgje forskarane.

Les mer og se rapporten: Fremmedstoffer i villfisk 2016-2018: rødspette, breiflabb og lyr