Like mykje fiber og mineral i glutenfrie produkt

Glutenfrie produkt inneheld like mykje fiber og viktige mineral som tilsvarande produkt med gluten. Det viser eit nordisk samarbeidsprosjekt som Mattilsynet har delteke i.

Gluten free skrevet i mel, med diverse kornprodukter rundt

 Foto: Colourbox.com

I prosjektet som blei gjennomført i Finland, Sverige og Noreg blei innhaldet av næringsstoff og tungmetall undersøkt i 37 glutenfrie produkt som mjøl, frukostblandingar, brød og kaker. Målet med prosjektet var å samanlikne innhaldet av fiber, mineral og tungmetall i glutenfrie produkt med innhaldet i samanliknbare produkt med gluten.

Resultatet viser at glutenfrie produkt inneheld like mykje fiber og viktige mineral som jern, kalsium og magnesium. Samstundes er innhaldet av protein noko lågare og innhaldet av stivelse noko høgare i glutenfrie produkt. – Dei nye verdiane for glutenfrie produkt vil bli tilgjengelege i neste versjon av Matvaretabellen, seier seksjonssjef Merethe Steen i Mattilsynet.

Resultata frå prosjektet viser òg at glutenfrie produkt kan ha eit noko høgare innehald av enkelte tungmetall som bly og nikkel. Sjølv om det ikkje finst noko grenseverdi for nikkel i mat, vert ikkje resultata vurdert til å utgjere noko helserisiko. Innhaldet av bly er under EUs grenseverdiar. Innhaldet av kadmium var likt mellom glutenfrie og glutenhaldige produkt. Resultata vil vere del av Mattilsynets grunnlag for vidare arbeid med tungmetall i mat.

- Sjølv om innhaldet av tungmetall ikkje er så høgt, bør innhaldet minskast så mykje som mogleg, særleg bly. Mattilsynet vil halde fram med å kartleggje innhaldet av tungmetall i matvarer, seier seksjonssjef Merethe Steen.

Les meir:
Rapporten frå Nordisk ministerrå: Are gluten-free products a healthier alternative?
Livsmedelsverket: Lika mycket fiber och mineraler i glutenfria produkter

Relaterte spørsmål og svar