Lite Listeria i norsk røykelaks

Det er konklusjonen til Mattilsynet etter ei større gransking av Listeria i røykelaks som er handla inn frå butikkar. Resultata ser ut til å bekrefte at røykelaks på marknaden enten er fri for Listeria eller, når den fyrst har blitt forureina, inneheld få bakteriar.

Røkelaks med gressløk.

 Foto: iStockphoto

- Dette er berre éi gransking, så vi kan ikkje trekkje for bastante konklusjonar, seier Magne Yndestad, tidlegare professor ved Norges veterinærhøyskole.

Professor Yndestad, som har stått i spissen for arbeidet, seier vidare at:

- Utbreiinga var omtrent på det nivået vi hadde rekna med. Det som kanskje var noko uventa, var at vi fann få bakteriar. Det ser ut til at Listeria ikkje veks så godt i røykelaks som vi på førehand hadde frykta.

- Like fullt er eit par av resultata urovekkjande, seier Kjell Hauge i Mattilsynet. - Sjølv om det var få bakteriar i dei prøvane som var positive, så er det for mange produsentar som har fått påvist Listeria.

Difor er det særleg viktig at røykelaks blir oppbevart i kjøleskap ved ein så låg temperatur som råd er, helst ikkje over 4 °C”.

Dess eldre røykelaksen er, dess større er sjansen for at den inneheld Listeria.

- Eit godt råd til forbrukarane er å kjøpe ferskast mogeleg røykelaks, seier professor Yndestad.

Les rapporten på Mattilsynets nettsider.