Mattilsynet

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som både produserer regelverk og fører tilsyn.

Inspektør som måler temperatur i en kjøledisk.

 Foto: Kjell Løvik/Mattilsynet

Mattilsynet

Besøksadresse hovedkontoret:

Ullevålsveien 76, Oslo

Telefon:

22 40 00 00

Postadresse:

Postboks 383, 2381 Brumunddal

E-post:

postmottak(a)mattilsynet.no

Heimeside:

www.mattilsynet.no

Mattilsynet arbeider for trygg produksjon og omsetning av mat, drikke, kosmetikk og kroppspleieprodukt og for trygg omsetning av legemiddel utanom apotek. Vi arbeider òg for god plante-, fiske- og dyrehelse, og vi fører tilsyn med veterinærar og dyrehelsepersonell, med dei som behandlar biprodukt (til dømes slakteavfall), og med alle som held dyr (privatpersonar òg).

På heile området har vi ansvar for å innhente kunnskap og analysere situasjonar, lage regelverk, rettleie verksemder og private og føre tilsyn med at reglane blir følgde. Vi forvaltar dessutan ei rekkje melde- og godkjenningsordningar for verksemder og produkt. Og ikkje minst har vi beredskap mot hendingar som alvorleg matforgifting og utbrot av dyresjukdommar.

Tilsyn

Formålet med tilsyn er å undersøkje om ei verksemd følgjer krava som gjeld for produksjonen eller aktiviteten ho driv. Tilsyn skjer på forskjellige måtar, alt etter kva slags verksemd det er, og kva som skal kontrollerast. Mattilsynet har òg plikt til å gi generell rettleiing til verksemdene om korleis regelverket vi forvaltar, skal følgjast.

Regelverk

Mattilsynet utviklar regelverk på dei områda vi fører tilsyn med. For at regelverket skal bli formålstenleg og brukarvennleg, legg vi vekt på å innhente informasjon og innspel undervegs i prosessen. Noko regelverk er felles for Noreg og EU. På desse områda deltek vi i internasjonale forum for å gi norske innspel undervegs i prosessen.