Grillsesongen er i gang

Grillar du med kol, må du ha tolmod nok til å vente til grillen er klar, for at måltidet skal bli vellykka. Dersom maten skal bli tilstrekkeleg steikt eller gjennomvarm, må kolet vere raudglødande med ei grå overflate.

Grillspyd med pølser, paprika, sjampinjonger og squash

 Foto: iStockphoto

Som ein generell regel må alt fjørfekjøtt og alle rå kjøttfarseprodukt steikjast heilt igjennom. Ved steiking av heile kjøttstykke som biff og kotelettar er det nok at overflatene blir godt steikte – det er her bakteriane er.

GODE RÅD FOR VELLYKKA GRILLING

  • Frosen mat skal vere heilt opptint før du legg han på grillen.
  • Marinade som er brukt til rått kjøtt, må ikkje brukast på mat som er ferdig steikt. Marinert mat bør oppbevarast kaldt heilt til han blir lagd på grillen.
  • Vend grillmaten ofte, og flytt han rundt på grillen for å få jamn steiking.
  • Sjølv om maten er godt steikt på overflata, er han ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg steikt inni. Saft frå fjørfekjøtt og tillaga kjøttprodukt skal vere klar, ikkje raud eller rosa.
  • Grill forsiktig. Svart og forkola mat er verken godt eller sunt å ete. Hard steiking kan mellom anna føre til at det blir danna PAH (polysykliske aromatiske hydrokarbon) og HAA (heterosykliske aromatiske amin). Les mer om hvorfor du bør være forsiktig med hardt grillet mat