Kva er riktig temperatur i kjøleskapet?

Temperaturen i kjøleskapet bør alltid vere 4 ºC eller lågare. Eit fullt kjøleskap gir mindre gjennomstrøyming av luft, og temperaturen kan lett bli for høg. For å ha god kontroll med temperaturen i kjøleskapet er det lurt å plassere eit lett synleg termometer inne i skapet. I tillegg er det viktig å halde god orden i kjøleskapet og plassere lett bedervelege matvarer som kjøtt, fisk og mjølk nedst i skapet, da det gjerne er den kaldaste delen.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040

Mer hos oss

Kjøkkenhygiene