Kor lang tid tek det før mat blir skjemd?

Kor lang tid det bør gå frå ein kjøper maten – for eksempel frosne ferdigretter – til ein får putta han i frysaren heime?

Kvinne som legger varer på båndet i kassen i en butikk.

Skal du ut på ein omfattande handlerunde, bør du gjere matinnkjøpa heilt til slutt.Foto: Wenche Hoel-Knai/Helsedirektoratet

Det er umogleg å seie kor lenge ulike matvarer vil halde seg før dei eventuelt blir skjemde. Dette er avhengig av kva type råvarer og matretter det dreiar seg om, og forhold rundt produksjon, distribusjon og lagring. Produsentane må naturlegvis ta høgd for at maten ikkje blir skjemd på den tida det normalt/naturleg vil ta frå forbrukarane handlar og til dei kjem heim og får putta maten i kjøleskapet eller frysaren. Er du usikker på visse produkt, bør du ta direkte kontakt med produsentane. Det er dei som kjenner produkta og er ansvarlege for at maten dei sel, er trygg.

Tips i samband med matinnkjøp:

  • Skal du ut på ein omfattande handlerunde, bør du gjere matinnkjøpa heilt til slutt, slik at maten blir utsett for varme i kortast mogleg tid.
  • Dersom du samlar dei djupfrosne varene i éin berepose, vil dei halde seg kalde lenger.
  • Det er også lurt å putte den djupfrosne maten nedst i handleposen. Fyll deretter på med dei matvarene som i størst grad treng kjølig lagring.
  • Dersom du veit at det vil ta tid før maten kjem i kjøleskap, bør du sørgje for at lettskjemde matvarer som kjøtt og fisk og mjølkeprodukt, blir oppbevarte i ein eigna kjøleboks.

I varme/romtemperatur kan lettskjemde næringsmiddel som fisk, kjøtt og mjølkeprodukt utvikle bakteriar som for eksempel kan gi deg matforgifting.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00