Kva skal du gjere når det kjem varsel om at vatnet må kokast?

Du blir varsla dersom vassverket eller myndigheitene meiner at vasskvaliteten er usikker. Det skjer dersom vassverket fryktar at vatnet kan innehalde helsefarlege mikroorganismar, og at vatnet difor kan gjere folk sjuke.

Tekanne med kokende vann.

Foto: iStockphoto

Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoke eitt minutt (sjå bilete). Ein vasskokar slår seg normalt av når vatnet fosskoker, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgjeomn må ein forsikre seg om at vatnet fosskoker. Eit alternativ til kokt vatn er flaskevatn.


Alt vatn som skal drikkast, må vere kokt

BRUK DESSUTAN KOKT VATN TIL

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C
  • Utblanding av saft og andre produkt som skal drikkast eller etast
  • Kaffi. Kaffitraktarar koker ikkje vatnet, og vatnet til kaffitraktaren må difor vere kokt på førehand. Andre typar kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlaren
  • Isbitar
  • Vasking av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast
  • Tannpuss

UKOKT VATN KAN BRUKAST TIL

  • Koking av mat
  • Handvask. Vask hendene med såpe, skyl og tørk etterpå
  • Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelgje vatn, ha særleg kontroll med små barn
  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin. Vaskar du opp for hand, må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt, oppvskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg
  • Klesvask
  • Reinhald i huset

ANNAN BRUK HEIME

  • Barn bør ikkje leike med vatnet i hagevatningsanlegg eller bade i barnebasseng i periodar med kokevarsel.

 

Du kan skrive ut rådene som PDF-plakat på norsk og engelsk  - vedlegg øverst til høyre på siden

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
En kaffekopp