Barn, ammende, gravide og kvinner i fruktbar alder bør ikkje ete måseegg

Mattilsynet tilrår folk å avgrense inntaket av måseegg på grunn av høgt innhald av miljøgiftene PCB og dioksin. For kvinner i fruktbar alder og barn vil Mattilsynet ikkje tilrå inntak av måseegg i det heile.

Bakgrunnen for tilrådinga er analysar gjorde av måseegg som blei samla inn langs kysten av Nord-Noreg under måseeggsesongen 2001. Analysane viste svært høge verdiar for PCB og dioksin, men også for bromerte flammehemmere og fleire andre mindre kjende miljøgifter.

Å ete eitt måseegg i året inneber å auke kroppsbelastninga av PCB og dioksin med 10 prosent. Inntak av 10 egg doblar det totale årsinntaket av PCB og dioksin. Spørjeundersøkingar langs kysten frå 1998 viste at enkelte måseeggelskarar sette til liv sin 30 til 40 måseegg i løpet av ein sesong.

Kostholdsrådet frå Mattilsynet er at barn, unge kvinner, gravide og ammende kvinner ikkje bør ete måseegg. Andre personar bør ha eit avgrensa inntak av måseegg.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040

Mer hos oss

Dioksiner og PCB