Kor lenge held sushi seg når det er gjort klart?

Det er ikkje alltid eg orkar å ete alle sushibitane eg har kjøpt. Kor lenge held sushien seg i kjøleskapet?

Ulike typer sushi og soyasaus.

Foto: iStockphoto

Sushi er eit produkt med svært kort lagringstid. Ikkje nødvendigvis fordi det raskt blomstrar opp bakteriar som kan gi matforgifting, men fordi smaksopplevinga, sensoriske kvaliteten raskt blir svekt.

Når du kjøper ferdig emballert sushi, må du ta omsyn til bruksdatoen som er ført opp på pakningen. Dersom du kjøper sushi i laus vekt, må du spørje personalet. Det vanlege når sushi blir seld i butikk, er at han held seg eit par dagar.

Reine og friske råvarer, god hygiene under handteringa og riktig temperatur i kjøleskapet (ikkje over 4 ˚C) er viktige føresetnader for lagringstida.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00