Ikkje et mykje stor ferskvassfisk
På grunn av miljøforureining kan visse typar ferskvassfisk innehalde helseskadelege mengder kvikksølv. Difor bør vi ikkje ete gjedde, abbor over ca. 25 cm, aure over éin kilo eller røye over éin kilo meir enn éin gong i månaden i gjennomsnitt.
Gravide og kvinner som ammar, bør unngå desse fiskeslaga heilt.
Åtvaringa er gitt på grunn av kvikksølvinnhaldet, men i somme tilfelle kan det også vere høge nivå av dioksin, dioksinliknande PCB og bromerte flammehemmarar i ferskvassfisk.
Les meir om Ferskvannsfisk og kvikksølvforurensing