Risikovurdering av mekanisk utbeina kjøtt (MUK)

European food safety authority (EFSA) har nett komme med ei risikovurdering av mekanisk utbeina kjøtt (MUK). Dei konkluderer med at det ikkje er større mikrobiologisk eller kjemisk risiko knytta til MUK enn frå kjøttprodukt.

Flådde kyllinger henger på rekke i et slakteri

Kva er muk?

Etter nedskjæringa blir bein frå slakta griser og fjørfe sende gjennom ein spesiell maskin som skil ut dei vevsrestane som ikkje lar seg skjæra bort med kniv. Les mer Hva er MUK?

Etter kvart er teknologien blitt bedre. Ein bruker metodar med høgt eller lågt trykk, og den siste er svært skånsam og gir eit produkt som kan likna på kverna kjøtt. Men sjølv om det har vore ønske om å endra reglane om kva som er MUK, held EU likevel fast på det skiljet dei har hatt. Det er på linje med det Mattilsynet òg har sagt.

I risikovurderinga syner EFSA at det ikkje er større mikrobiologisk eller kjemiske risiko ved MUK. I tillegg har dei utvikla ein metode der dei nyttar kalsium-innhaldet for å skilja mellom MUK og kverna kjøtt.

Mattilsynet skal ikkje auka tilsynet med dei verksemdene som produserer MUK. Men Mattilsynet reknar med at næringsmiddelverksemdene fylgjer både krav til hygiene og krav om opplysningar til forbrukar (redelighet). Når me er på tilsyn, skal begge deler sjekkast.

Du kan lesa meir om risikovurderinga Vitenskapskomiteen for mattrygghet - EFSA med risikovurdering av mekanisk utbeinet kjøtt

Kontaktperson i Mattilsynet
Eivind Smith, seniorrådgiver, seksjon animalsk mat, hovedkontoret, telefon 51 68 43 28

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00