Slik dyrkar du eigne jordbær

Jordbær er både godt og sunt. Friske jordbær inneheld mykje fenolar, som er kjende som effektive antioksidantar. I tillegg er jordbær kalorifattige og inneheld jern og kalsium, samt mykje C-vitamin og noko A- vitamin.

Mange modne jordbær ligger samlet

Jordbærfeltet før planting

Jordbærplantene konkurrerer dårleg med ugraset, og det er difor viktig at alle arter av rotugras vert rydda bort før planting. Jordbærplantene har middels næringskrav, og gjødslinga bør tilpassast både etter kva jord som er i feltet og kva som var dyrka der året før. Det bør nyttast klorfri gjødsel til dei fleste hagebruksvekstar – også jordbær. Det er vanleg å gje fullgjødsel som tilsvarer om lag 8 kg nitrogen pr dekar.

Plantetid og planting

Jordbærplantene vert som oftast øksla med stiklingar, men det finst også nokre sortar som spirer frå frø. Det er viktig å vera sikker på at plantene der stiklingane vert tekne er friske.

Planter som vert tekne opp frå eldre felt kan plantast tidleg om våren eller om hausten. Planter som står i pluggbrett eller potter, kan plantast heile sommaren, og det er viktig å få plantene ut i åkeren straks dei har fått ei godt utvikla rot.

Pluggplanter og potta planter skal plantast så djupt at pluggen eller potta så vidt vert dekte av jord. Når jordbærplanta vert planta for djupt slik at krona kjem under jorda, vil planta mistrivast og det tek lang tid før veksten kjem skikkeleg i gang att.

Det kan vera lurt å planta jordbæra på låge drillar. Ein drill lagar ein ved å leggja jorda opp som ein låg «rygg». Det sikrar betre vekst og kan gje tørrare forhold med mindre rotning av bæra. For å letta arbeidet med ugras, kan jorda dekkast med plast eller andre dekkemiddel. Det gjev og varmare jord, betre vekst i plantene og tidlegare modne bær.

Jordbærfeltet etter planting

Store og friske planter vil gje størst avling året etter. God vasstilgang er viktig i heile perioden frå bløming til slutten av hausteperioden, men frå midt i august, kan litt tørke vera positivt for avlinga året etter.

Ein varm september er alltid positivt for jordbæravlinga året etter. Plastdekke frå midt i september, kan vera med på å auka avlinga neste år. Dekket kan gjerne liggja på heile vinteren for å sikra plantene mot frostskade.

Dersom ein ønskjer tidleg avling, kan plastdekke liggja på plantene utover til plantene tek til å bløma. Då må det fjernast for å sleppa til insekta og sikra god pollinering. Slik dekking kan gje modne bær om lag ei veke tidlegare. Men både avlings- og bærstorleiken vert til vanleg litt mindre. Om våren må ein kontrollera plantene for fleire arter av skadedyr som kan redusera avlinga betydeleg.

Veksthusspinnmidden trivst særleg godt når plantene er dekka og det er godt og varmt. Jordbærsnutebille er ein av dei vanlege skadegjerarane. (Les meir om utbreiing og nedkjemping i plantevernleksikonet.) Desse skadedyra er vanskeleg å halda unna utan bruk av kjemiske middel, men dei gjer sjeldan total skade. I regnvær vil blomane verta smitta av soppar som det alltid finst smitte av. Kampen mot ugraset må alltid haldast oppe, og dekking av jorda mellom plantene med t.d. halm, reduserer utviklinga av ugraset og sikra reine bær. Jordbærfeltet må også gjødslast tidleg om våren og minst eit par gonger seinare utover sommaren.

Hausting, kjøling og lagring

Jordbærplantene blømer og bæra modnar over ein lang periode. For å sikra god og jamn kvalitet, må feltet haustast minst to gonger for veka - i varme periodar helst annankvar dag. Jordbærsesongen varer om lag fem veker, men ved å dyrka både litt tidlege og seine sortar, kan vi hausta jordbær i minst åtte veker. Ved bruk av tiltak som dekking, eller bruk av produksjonsklare planter, kan sesongen gjerne vera endå lenger.

Jordbærsortane som trivst godt hjå oss har dårleg lagringsevne. For å sikra best mogeleg kvalitet på bæra, må dei handsamast varsamt. Det er særs viktig å kjøla bæra straks etter hausting og halda temperaturen nede på om lag fem grader heile tida frå åkeren og fram til forbrukarane. Når bæra skal serverast, bør dei derimot helst ha romtemperatur for at dei skal smaka godt.

Stiklingar

Jordbærplanter som får veksa fritt dannar utløparar med planter som vil rota seg nær morplantene. Slike rota småplanter kan gravast opp, flyttast og plantast på nye felt. Men utløparplantene kan også nyttast som stiklingar for å laga nye planter. Stiklingane må ha fått minst eitt fullt utvikla blad før dei vert skorne frå utløparane. Stiklingane kan stikkast i jord eller torv, og første veka etter stikking må dei dekkast tett med plast for å hindra at dei tørkar ut og for å sikra god rotutvikling.

Dei nye plantene vil vera klare for planting etter knapt tre veker. Då har dei fått eigne røter, og det er viktig at dei vert planta med det same slik at dei ikkje stoppar i utviklinga. Dersom dei vert ståande for lenge, vil veksten stogga, og det vil ta lang tid å utvikla ei kraftig plante med god rot. Det er også viktig å sikra plantene gode vilkår etter planting og hindra åtak av soppar og skadedyr.