Er solsikkekjernar helseskadeleg?

Solsikkekjernar kan ha høgt kadmiuminnhald. Er helseulempa ved å ete dette større enn helsegevinsten?

Solsikkekjernar har fått aukande popularitet dei siste åra, kanskje særleg i brød og rett og slett som ”sunt snacks”. Solsikkekjernar inneheld fleire viktige næringsstoff. Solsikkekjernar er ei god kjelde til protein og inneheld vitamin og mineral. Dei inneheld også mykje feitt, særleg einumetta og fleirumetta feitt.

Analysar gjorde av både Mattilsynet og næringsmiddelstyresmaktene i andre land har vist at solsikkekjernar inneheld betydelege mengder av det giftige tungmetallet kadmium. Mattilsynet har til liks med blant anna danske næringsmiddelstyresmakter derfor gått ut og sagt at ein berre bør ha eit avgrensa inntak av solsikkekjernar. Restriksjonen gjeld ikkje solsikkeolje og solsikkemargarin, som har svært låge nivå av kadmium.

Avgrensa bruk av solsikkekjernar i for eksempel brød eller frukostblandingar er altså greitt, men ein bør unngå eit kosthald med svært mykje solsikkekjernar. Næringsstoffa i solsikkekjernar kan vi også få ved å ete andre matvarer, det er med andre ord ikkje fare for mangel på næringsstoff om vi utelèt solsikkekjernar frå kosten.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Miljøgifter