Merking av mat
Mer om Merking av mat
Kort om merking av mat
Matmerking har fleire formål. Blant anna skal det gi forbrukarar høve til å vite kva mat og drikke inneheld, og kor lenge varene held seg. Merkinga skal også gi informasjon om eigna oppbevaring og i mange tilfelle korleis maten skal lagast til.
Merkinga skal vere lett synleg og lett å forstå. Merkinga skal vere på norsk. I unntakstilfelle kan eit anna språk aksepterast, men berre dersom stavinga liknar den norske.
Matvarer skal vere merkte med namn og telefonnummer til den som produserer eller forhandlar produktet.
Når du kjøper uemballert mat over disk, kan du be butikkpersonalet om informasjon.
Meir om merking av mat
For at du som forbrukar skal kunne velje mellom ulike næringsmiddel på marknaden, finst det detaljerte reglar for korleis mat og drikke skal merkjast, for eksempel med ingrediensliste, vekt og "best før ...".
Foto: Wenche Hoel-Knai
Merkinga skal gi forbrukarane høve til …
… å få valuta for pengane sine
God merking gjer det lettare å samanlikne pris og kvalitet. Forbrukaren kan samanlikne vekta på ulike produkt. I ingredienslista skal det stå kva for ingrediensar produktet inneheld. I dei fleste tilfella skal det gå fram av emballasjen kor mykje av ein karaktergivande ingrediens eller kategori av ingrediensar, for eksempel kjøtt, som er brukt.
… å unngå ting ein ikkje toler
Ingredienslista skal gi nødvendige opplysningar om kva produktet inneheld. Dette er for eksempel viktig for dei som er allergiske eller overfølsame.
…å unngå gammal mat
Dei fleste næringsmiddel skal merkjast med ”Best før + dato” og opplysningar om korleis matvara skal lagrast. Mat som fort blir skjemd, skal merkjast med ”Siste bruksdag”.
... å vite kven du skal kontakte
Alle næringsmiddel skal merkjast med namn og adresse (eller telefonnummer i Noreg) til den som har anten framstilt, pakka eller forhandla vara. I visse tilfelle skal næringsmiddel merkjast med opphavsland.
… å vite korleis maten skal lagast til
Somme næringsmiddel må for eksempel tynnast ut eller krev andre tillagingsopplysningar.
Kvar vender du deg dersom du har spørsmål?
- Dersom du har spørsmål om merking av næringsmiddel, skal du først vende deg til butikken der du kjøpte vara.
- Du kan også ta direkte kontakt med produsenten. Det skal alltid vere ført opp ei adresse (eller eit telefonnummer i Noreg) på emballasjen.
- Dersom du har mistanke om at merkinga er feil eller villeiande, kan du kontakte Mattilsynet på telefon 06040.
- Kan butikkene selge mat som er gått ut på dato? 10.01.2012
- Hvordan kan jeg sjekke om mat inneholder palmeolje? 13.12.2011
- Skal såkalte butikkbakte bakervarer merkes med ingrediensliste? 13.12.2011
- Må jeg bry meg om holdbarhetsdatoen på hermetikk? 15.12.2011
- Hvordan skal sammensatte ingredienser merkes? 15.12.2011
- Hvordan ser jeg at produkter er tilsatt vitaminer og/eller mineraler? 15.12.2011
- Hva er kravene til juice som merkes med ”ferskpresset? 15.12.2011
- Er det ikke C-vitamin i appelsinjuicen, når det ikke står på kartongen? 15.12.2011
- Er kjøtt merka "storfekjøtt" alltid ku, kalv eller okse? 15.12.2011
- Hvilke matvarer kan få Nøkkelhullet? 01.04.2011
Siste nytt fra tema
- Nye regler for merking av glutenfrie produkter 25.01.2012
- Nye krav om bedre merking av mat 28.11.2011
- Semper tilbakekaller Småfolk Mais Puffer 07.04.2011
- Mattilsynet skal sjekke merkingen av allergene ingredienser i mat 16.03.2011
Relaterte artikler
Foto: iStockphoto