Haldbarheitsdato

Næringsmiddel blir merkte med haldbarheitsdato ut frå to ulike omsyn, nemleg helse og kvalitet. Det er to ulike former for haldbarheitsmerking: ”siste forbruksdag” for næringsmiddel som lett blir skjemde, og ”best før” for mat som ikkje blir lett skjemd.

Når du har kjøpt matvara, er det du som har ansvaret for at maten blir behandla som føresett ved fastsetjing av haldbarheitsdato. Når produsenten fastset haldbarheitsdato, gjer han det ut frå omsyn til råvarer, produksjonsmetode, forhold rundt transport, oppbevaring og omsetjing. Datoen skal vise kor lenge vara held på dei spesifikke eigenskapane sine ut frå oppgitte oppbevaringsforhold i uopna pakning.

Om det er nødvendig for lagringsevna, skal produktet ha opplysningar om oppbevaringsvilkår.

”Siste forbruksdag …”

Matvarer som blir lett skjemde, og difor kan bli helsefarlige etter kort tid er merkte med ”siste forbruksdag” og skal alltid vere påførte oppbevaringsmåte. Datomerkinga er oftast sett ut frå mikrobiologiske omsyn. Det vil seie at om du et produktet etter den datoen, kan mikroorganismar i maten gjere deg sjuk. Matvarer merkte med ”siste forbruksdag” kan ikkje omsetjast etter at datoen har gått ut.

Forholdsreglar for å unngå skjemd mat

Etter at du som forbrukar har kjøpt ei vare, er det viktig at du handterer vara slik at du unngår fare for at maten skal bli skjemd. Forholdsreglane består kort oppsummert i å avgrense formeiring av mikroorganismar, å avgrense tilførsel av mikroorganismar og å drepe eller uskadeleggjere mikroorganismane.

AVGRENSE FORMEIRING AV MIKROORGANISMAR

Mat som kan bli  skjemd, må oppbevarast etter tilvisinga på pakken. Datoen som er sett, er følgd av informasjon om oppbevaringsvilkår. Det er viktig å hugse at dersom du ikkje følgjer denne tilvisinga, kan det påverke lagringsevne til produktet. Dersom du lèt mjølka eller kjøttdeigen liggje lenge i romtemperatur, vil det endre lagringsevna til produktet. Oppbevaringsvilkåra påverkar nemleg kor raskt mikroorganismane utviklar seg. Låg temperatur hemmar utviklinga av mikroorganismar.

AVGRENSE TILFØRSELEN AV MIKROORGANISMAR

Du kan sjølv tilføre produkta mikroorganismar under handteringa av maten. Dersom du bryt innpakninga av eit heilt kjøttstykke og deler det opp i mindre bitar, vil lagringsstida på produktet bli kortare.

For å redusere tilførselen av mikroorganismar under matlaginga er det viktig med god kjøkkenhygiene, for eksempel ved å halde rå og ferdig mat skilde og ved å halde kjøkkenreiskapar reine. Vidare er det viktig med god handhygiene, slik at ein ikkje tilfører maten mikroorganismar via eigne hender. All tilførsel av mikroorganismar vil gjere lagringstida kortare.

”Best før…”

Matvarer som ikkje blir så lett skjemde, skal merkjast med "Best før ..." eller "Best før utgangen av ...".

Lagringsmerking av matvarer som ikkje blir lett skjemde, skal først og fremst gi opplysning om kor lenge vara held seg utan å tape kvalitet eller andre spesifikke eigenskapar, som for eksempel smak eller vitamininnhald. Dersom det er nødvendig med ein bestemt oppbevaringsmåte for at kvaliteten skal halde seg uforandra, skal datomerkinga følgjast av opplysningar om lagringsmåte, for eksempel ”må lagrast mørkt”. Lys kan påverke kvaliteten på for eksempel smak og vitamininnhald i enkelte produkt.

Varer som er merkte med "Best før ..."-dato, kan framleis seljast/marknadsførast etter at datoen er gått ut, dersom vara framleis har akseptabel kvalitet. Akseptabel kvalitet inkluderer tryggleiken til maten. Det er seljaren som har ansvaret for at produktet held forventa kvalitet, ved salgstidspunktet.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00