Kan eg unngå tilsetjingsstoff?

Lag maten sjølv, med ferske råvarer.Foto: iStockphoto

Ja, det kan du.I hovudsak er det tre måtar å gjere det på:

  • Studer merkinga av produkta du kjøper i butikken. Bruken av tilsetjingsstoff kan variere mellom produkta. Det skal opplysast om alle tilsetjingsstoff, det gjeld både ferdigpakka varer og produkt i laus vekt. Tilsetjingsstoff og andre ingrediensar er merkte i fallande orden etter vekt. I tillegg skal tilsetjingsstoffa ha ei klassenemning som fortel kva funksjon tilsetjingsstoffet har i produktet, og eit spesifikt namn eller E-nummer. Ved å velje bort produkt som inneheld tilsetjingsstoff, signaliserer du til produsentar, importørar og butikkar kva produkt du som forbrukar ønskjer å ha på marknaden.
  • Du kan kjøpe økologiske produkt. Det kan vere tilsetjingsstoff i dei også, men det er færre stoff som er godkjende til bruk i dei.
  • Ved å lage maten sjølv, med ferske råvarer som utgangspunkt, unngår du mange av tilsetjingsstoffa i ferdigmat og halvfabrikata.
Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00