EFSA:

Ammonium frå filter for vatn utgjer ingen helserisiko

Vann som helles opp i et glass

Foto: iStockphoto

Ammonium som blir frigjort frå filterpatroner brukt til å reinse vatn utgjer ingen helserisiko for menneske, sjølv ikkje for utsette grupper, går det fram det av ei vurdering frå EUs mattryggleiksorgan EFSA.

Filterpatroner kan brukast til å reinse vatn frå springen. I filtreringsprosessen er det eit steriliseringstrinn med damp som gjer at det kan dannast ammonium som følgjer med vantet som blir tappa ut.

EFSA meiner at mengda ammonium (-NH4+) som blir løyst frå filtret (0,05 til 5 mg per liter vann) er ubetydelig

samanlikna med den mengda som blir produsert naturlig i kroppen. Eksempelvis blir det daglig produsert tre-fire gram ammonium i tarmen til ein vaksen person på 70 kg.

EFSA viser til at ammonium finnes naturleg i mange matvarer og er ei viktig kjelde til nitrogen, som pattedyr treng for sentrale kroppsfunksjoner. Det som kroppen ikkje treng, blir brote ned i levera og skilt ut med urinen.

Vurderinga er utarbeidd på oppdrag frå EU-kommisjonen. Kommisjonen bad om å få undersøkt om eit innhald av ammonium mellom 0,5 og 5 mg per liter vatn utgjer nokon helserisiko for menneske ved lang tids konsum, og spesielt for visse utsette grupper, slik som personar med alvorlege lever- eller nyreskadar.

 

Les heile vurderinga.  EFSA - Health risk of ammonium released from water filters

 

Vitskapskomiteen for mattryggleik er offisielt norsk kontaktpunkt for EFSA.

Ansvarlig: Vitenskapskomiteen for mattrygghet Kontakt: 21 62 28 00