Bly

Bly er eit giftig tungmetall. For mykje bly kan mellom anna skade dei raude blodlekamane og nervesystemet. Hjerneutviklinga hos foster og små barn er spesielt utsett for skadar og kan mellom anna gi nedsett evne til læring. Dei høgaste nivåa av bly er funne i innmat og kosttilskot.

En kvinne drikker av en kopp laget av keramikk.

Foto: Mattilsynet

Bly blir transportert over store avstandar med luftstraumar, fell ned med nedbør og blir teke opp i plantar. Difor kan vi finne bly i mat som er dyrka og hausta langt frå forureiningskjeldene.

Bly blir bygd inn i skjelettet i staden for kalsium. Dersom gravide og kvinner som ammar, ikkje får i seg nok kalsium, kan dette blyet bli frigjort frå skjelettet. Mora kan da få eit blynivå i blodet som skader barnet. Bly kan også redusere evna til å få barn.

Etter at det blei slutt på å tilsetje bly til bensin, har blyinnhaldet i mat gått ned og nivåa generelt blitt låge.

I Noreg er hovudkjeldene til bly i mat vegetabilske produkt, mjølk og mjølkeprodukt. Årsaka er at dette er matvarer vi et mykje av. I visse forureina hamner og fjordar langs kysten kan det vere auka blyinnhald i skjel. Bly blir likevel ikkje teke opp i muskelen, så både fiskemuskel og muskel av kamskjel er uproblematiske når det gjeld bly.

Det er ikkje sett tolerable inntaksverdiar (TDI) for bly, men det er sett grenseverdiar i fleire matvaregrupper.

Mattilsynet har åtvara mot fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar.
Sjå oversikt her Unngå fisk og skalldyr fra forurensede havner, fjorder og innsjøer

Keramikk

Glasert keramikk av dårleg kvalitet kan leke bly. Tidlegare var dette spesielt eit problem med produkt som privatpersonar tok med seg heim frå Sør-Europa. Mattilsynet rår folk frå å bruke keramikk av ukjend kvalitet til sure, flytande næringsmiddel, som til dømes juice og vin.

Kilder: VKM - EFSA har vurdert helsekonsekvenser av bly i mat og Folkehelseinstituttet - Metaller

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00