Kadmium

Kadmium er eit giftig tungmetall som hopar seg opp (blir akkumulert) i kroppen til fisk, dyr og menneske. For mykje kadmium kan gi nyreskadar, beinskjørheit og auka risiko for å få kreft. I maten kan vi finne kadmium i både plantar, dyr og sjømat. Dei høgaste verdiane er funne i innmat frå dyr, i brunmat i krabbe, i skjel, skogsopp, solsikkekjerner og kosttilskot.

Solsikkekjerner

De høyeste verdiene av kadmium har blant annet blitt funnet solsikkekjerner.Foto: iStockphoto

Kadmium finst naturleg i jord. I tillegg blir jorda tilført kadmium via gjødsel og jordforbetring, luftforureining og lokale utslepp. Plantar tek opp kadmium frå jorda gjennom rotsystemet. Skjel filtrerer sjøvatn og kan også ta opp partiklar frå forureina vatn.

I Noreg er det hovudsakleg gjennom korn og kornprodukt, rotgrønsaker og potetar vi får i oss kadmium, ettersom dette er næringsmiddel vi et store mengder av.

Noreg har fastsett grenseverdiar for kadmium i fleire matvaregrupper, mellom anna innmat, fisk/sjømat og kornprodukt. Det er også fastsett ein tolerabel inntaksverdi.

Det er det totale inntaket av kadmium gjennom alt vi et over tid, som har noko å seie for helsa. Det beste rådet for å unngå kadmium er å ete variert og balansert.

Mattilsynet har komme med åtvaringar og lagt ned omsetningsforbod for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar. Unngå fisk og skalldyr fra forurensede havner, fjorder og innsjøer

Keramikk

Kadmium kan brukast til å farge glas og keramikk. Det er viktig at keramikk som skal vere i kontakt med mat og drikke, ikkje gir frå seg bly, kadmium eller barium i helseskadelege mengder.

Kilder: Miljøstatus Norge - Kadmium og Folkehelseinstituttet - Metaller

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00