Kvikksølv

Kvikksølv er eit giftig tungmetall. Utviklinga av hjernen hos foster og små barn er særleg utsett for skadar. Hos vaksne kan langvarig påverknad føre til motoriske og mentale forstyrringar fordi sentralnervesystemet blir skadd. Dei høgaste nivåa av kvikksølv i mat finn vi i gammal rovfisk.

Tunfisk

De høyeste nivåene av kvikksølv i mat finner man i gammel rovfisk, som for eksempel tunfisk.Foto: iStockphoto

Kvikksølv er ei miljøgift som blir transportert over lange avstandar med luft- og vatnstraumar. Kjelder til utslepp er mellom andre avfallsforbrenning, metallindustri og forbrenningsprosessar. I tillegg har vi utslepp av kvikksølv frå vulkansk aktivitet og anna naturleg avgassing frå jordoverflata. Kvikksølv finst i både organiske og uorganiske sambindingar. Begge typar sambindingar er giftige, men det er den organiske sambindinga metylkvikksølv som har det høgaste giftinnhaldet, og som ein er mest bekymra for.

Metylkvikksølv finst berre i fisk og sjømatprodukt. Metylkvikksølv bind seg til muskel/filet, og både magre og feite fiskeslag kan difor innehalde metylkvikksølv.

Det finst små menger metylkvikksølv i alle fiskeslag, og innhaldet er høgare i fisk frå forureina område. Metylkvikksølv hopar seg opp i næringskjeda. Dei høgaste nivåa finst i rovfisk, dei største mengdene i store og gamle individ.

Metylkvikksølv hopar seg ikkje opp i kroppen over tid, men har ei halveringstid på ca. 70 dagar. Ved å leggje om dietten kan ein difor redusere kvikksølvinnhaldet i kroppen i løpet av nokre månader.

Det er fastsett tolerabelt inntak for metylkvikksølv. I mat er det fastsett grenseverdiar for totalt kvikksølvinnhald i fisk og i kosttilskot.

Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar. Unngå fisk og skalldyr fra forurensede havner, fjorder og innsjøer

Kilde: Folkehelseinstituttet - Kvikksølv

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00