Folkehelseinstituttet
Folkehelseinstituttet skal vere ein pådrivar for å betre helsa og livskvaliteten til befolkninga og førebyggje sjukdom og helseskade.
Folkehelseinstituttet skal vere ein nasjonal kompetanseinstitusjon for myndigheiter, helseteneste, rettsapparat, påtalemyndigheit, politikarar, media og publikum i spørsmål knytte til rettsmedisin, fysisk og psykisk helse, vern mot smittsame sjukdomar og førebygging av skadelege påverknader frå miljøet.
FHI ligg direkte under Helse- og omsorgsdepartementet, sideordna Helsedirektoratet, Helsetilsynet og Legemiddelverket. Instituttet består av fem fagdivisjonar: Smittevern, miljømedisin, epidemiologi, psykisk helse samt rettsmedisin og rusmiddelforsking. I tillegg kjem Divisjon for samfunnskontakt og instituttressursar.